Dokument 3:5 (2012–2013) Riksrevisjonens undersøking av bompengeforvaltninga blei overlevert Stortinget 11. desember 2012.
Aukande automatisering av bompengeinnkrevjinga har i stor grad medverka til at ein har nådd målet om minst mogleg ulemper for trafikantane.
Med automatiseringa var det føresett at driftskostnadene skulle reduserast. Driftskostnadene sin del av bompengeinntektene og kostnad per passering blei redusert frå 2002 til 2005, men etter 2005 har disse auka og var i 2011 høgare enn i 2005.
Selskapa har store tap på fordringar som følgje av at trafikantar ikkje betaler for sine passeringar. I 2011 utgjorde dette 172 mill. kroner for selskapa.
Manglande bruk av brikke i automatiske anlegg medfører kostnader - mellom anna til biletebehandling - for selskapa. I tillegg er det tapte inntekter fordi selskapa ikkje klarer å identifisere køyretøya.
- Vegmyndighetene bør derfor sette i verk tiltak for å sikre at fleire trafikantar bruker brikke, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.
Samferdselsdepartementet har en svært overordna styring og gir i lita grad styringssignaler på området. Det er svakheter ved Statens vegvesens oppfølging av bompengeselskapa. Undersøkinga påviser blant anna store forskjellar i bompengeselskapa sine låne- og innskots-vilkår. Det er dessutan vesentlege manglar knytt til konkurranseutsetjinga ved selskapa sine innkjøp av driftsoperatør. Både låneforvaltning og innkjøp er sentrale tiltak for å sikre lågast mogleg kostnader ved bompengeinnkrevjinga.
Statsråden framheld at departementet vil sørgje for en best mulig oppfølging av Riksrevisjons funn og anbefalingar og at departementet nå vil ta et tydelegare styrings- og oppfølgingsansvar.
Dokumentet kan lastast ned gjennom lenka til høgre. Offentlege institusjonar kan bestille dokumentet frå Servicesenteret for departementa på telefon 22 24 20 00 eller e-post publikasjonsbestilling@dss.dep.no. Andre kan bestille dokumentet frå Fagbokforlaget på telefon 55 38 66 00 eller e-post offpub@fagbokforlaget.no.
Den utsette offentlegheita for dokument som er utarbeidde av eller til Riksrevisjonen i tilknyting til Dokument 3:5 (2012–2013), blir oppheva, jf. riksrevisjonsloven § 18 andre ledd).