Hopp til innhold
 
Kontakt oss Tips oss Nettstedskart In English Skriftstørrelse Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
Presserom
Rapporter
Revisjonsmetodikk
Internasjonalt arbeid
Jobb i Riksrevisjonen
Om Riksrevisjonen
 
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger
Mange kommunar har svak styring og kontroll med tenester som er viktige for brukarane 
Publisert: 19.02.2013 12:30 
 
Over halvparten av kommunestyra får ikkje rapportering om tenestekvalitet på viktige område. - Det er behov for større bevisstheit om det ansvaret kommunestyra har for styring og kontroll med tenestekvalitet, seier riksrevisor Jørgen Kosmo. 

Dokument 3:7 (2012-2013) Riksrevisjonens undersøking av kommunane si styring og kontroll med tenester med nasjonale mål vart overlevert Stortinget 19. februar 2013.

Kommunestorleik og statleg sektorstyring påverkar i kva grad kommunestyra får rapportering om tenestekvalitet. Kommunestyra får mindre rapportering om tenestekvalitet i heimetenesta og avløpstenesta enn dei får om grunnskolen, kor staten har satt krav om rapportering til kommunestyret.

- Når kommunane har fått ansvaret for viktige tenester, er det vesentleg at kommunestyret får tilstrekkeleg informasjon om kvaliteten på desse tenestene. Kommunane må sjølv, ut frå lokale behov, velje kor detaljert det skal rapporterast frå tenestene, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.

Manglande styringsinformasjon kan føre til at kommunestyret ikkje har eit godt nok grunnlag til å gjere nødvendige endringar og prioriteringar. Dette aukar risikoen for eit dårleg tenestetilbod for innbyggarane og at tenestene ikkje får den kvaliteten Stortinget har lagt til grunn på viktige område.

Kommunal- og regionaldepartementet har i liten grad innhenta informasjon eller rettleidd om bruken av lovpålagde styringsdokument - blant anna årsbudsjett og årsrapport - i kommunane. Desse dokumenta skal sikre relevant informasjon om målsetjingane for og resultata av verksemda til kommunen. Departementet bør setje i verk tiltak som kan medverke til at kommunestyra får nødvendig styringsinformasjon på viktige område. Departementet bør særleg tilpasse tiltaka til behova og utfordringane i små og mellomstore kommunar.

Statsråden er einig med Riksrevisjonen at mange administrasjonssjefar har svak internkontroll med kvaliteten i tenestene og at kommunane i liten grad utnyttar moglegheitene til kontroll med tenestekvalitet som ligg i forvaltningsrevisjon. Statsråden hevdar at manglande rapportering til kommunestyret ikkje utan vidare gir grunnlag for ein konklusjon om manglande styring og kontroll eller eit dårleg tenestetilbod.

Riksrevisjonen meiner at det er nødvendig at kommunestyret, uavhengig av korleis det vel å styre, får tilstrekkeleg informasjon om tilstanden i tenestene lokalt for å kunne vareta sitt ansvar. Tilstrekkeleg informasjon til kommunestyret er nødvendig av omsyn til lokaldemokratiet, overordna nasjonale interesser og for å utnytte ressursar optimalt.

Dokumentet kan lastas ned gjennom lenka til høgre.

Offentlige institusjonar kan bestille dokumentet frå Departementas servicesenter, telefon 22 24 20 00, publikasjonsbestilling@dss.dep.no. Andre kan bestille dokumentet frå Fagbok-forlaget, telefon 55 38 66 00, offpub@fagbokforlaget.no.

Utsatt offentligheit for dokumenter som er utarbeidet av eller til Riksrevisjonen i tilknyting til Dokument 3:7 (2012–2013), jf. riksrevisjonsloven § 18 anna ledd, opphevas.


Sist endret: 19.02.2013 12:30

 Relatert innhold

 Kontaktperson

Ekspedisjonssjef Therese Johnsen, tlf. 22 24 11 74, mobil 911 52 826

 Del artikkelen

Facebook Twitter Linkin
 
Riksrevisjonen, Pilestredet 42, Postboks 8130 Dep 0032 Oslo | Sentralbord: 22 24 10 00 | Telefaks: 22 24 10 01 | Send e-post | Org.nr: 974 760 843