Dokument nr. 3: 16 (2008–2009) Riksrevisjonens undersøking av drift og vedlikehald av vegnettet blei sendt over til Stortinget 24. september 2009.
Sidan omstillinga av Statens vegvesen i 2003 har drift av vegnettet i hovudsak vore konkurranseutsett gjennom kontraktar med private entreprenørar (funksjonskontraktar). I 2008 var total omsetning på funksjonskontraktane 2,1 milliardar kroner.
Undersøkinga viser at det er fleire manglar ved driftsarbeidet. Mellom anna er ikkje krava til føretilstand i vintersesongen godt nok ivaretatt. Dette fører til at kvaliteten på ein stor del av vegnettet ikkje er god nok til å gi trafikkantane gode og sikre framkomstforhold heile året.
Undersøkinga viser at det manglar rapportering som gir påliteleg informasjon om driftstilstanden på vegnettet. Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen har difor ikkje godt nok grunnlag for å vurdere om drifta av vegnettet skjer i samsvar med fastsette standardar og prioriteringar. For mange funksjonskontraktar er det dessutan eit lågt kontrollnivå frå Statens vegvesen si side. -Statens vegvesen må følgje opp arbeidet entreprenørane gjer for å sikre at det blir utført med riktig kvalitet, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.
Undersøkinga viser også at det er svak konkurranse om funksjonskontraktane. Marknaden er dominert av nokre få entreprenørar, og for fleire av kontraktane er det berre ein eller to entreprenørar som legg inn tilbod. –Samferdselsdepartementet må følgje opp at det blir gjort eit systematisk arbeid for å stimulere konkurransen i entreprenørmarknaden, seier Jørgen Kosmo.
Samferdselsdepartementet seier i sitt svar at Riksrevisjonens rapport tek opp sentrale problemstillingar knytt til drift og vedlikehald. Departementet vil gå nøye gjennom korleis rapporteringa og oppfølginga kan bli betre.
Departementet peikar også på at ei venta evaluering av konkurranseutsetjinga av drifts- og vedlikehaldsoppgåvene kan gi eit betre grunnlag for å vidareutvikle og forbetre funksjonskontraktane.
Dokumentet kan lastast ned ved å bruke lenka til høgre eller bestilles fra Akademika bokhandel, tlf. 800 80 960 / 22 18 81 00.
Utsatt offentlighet for dokumenter som er utarbeidet av eller til Riksrevisjonen i tiknytning til Dok.. nr. 3:16 (2008-2009), jf. riksrevisjonslovens § 18 annet ledd, oppheves.