Hopp til innhold
 
Kontakt oss Tips oss Nettstedskart In English Skriftstørrelse Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
Presserom
Rapporter
Revisjonsmetodikk
Internasjonalt arbeid
Jobb i Riksrevisjonen
Om Riksrevisjonen
 
Skip Navigation LinksHovedside > Rapporter
Riksrevisjonens undersøking av bompengeforvaltninga 
Dokument 3:5 

Last ned dokument
Sammendrag

Bakgrunn og mål for undersøkinga

Bompengar utgjer eit viktig bidrag til bygging av riks- og fylkesvegar, og det har vore ein vesentleg auke i bruken av bompengar i perioden 2002–2011. I 2011 betalte trafikantane 6,6 mrd. kroner i bompengar, mens det i 2002 blei betalt inn 3,2 mrd. kroner. Sentrale mål for innkrevjinga av bompengar er at den skal skje med minst mogleg ulemper for trafikantane, lågast mogleg kostnader og høgast mogleg inntening.

Målet med undersøkinga har vore å vurdere kor effektiv bompengeforvaltninga er. Undersøkinga omfattar perioden 2002–2011.

Funn og anbefalingar

Automatiseringa av bompengeinnkrevjinga har i stor grad medverka til at ein har nådd målet om minst mogleg ulempe for trafikantane.

Automatiseringa av bompengeinnkrevjinga har medverka til god trafikkavvikling og betre trafikktryggleik. Riksrevisjonen ser positivt på denne utviklinga.

Målet om at bompengeinnkrevjinga skal skje med lågast mogleg kostnader, er ikkje realisert. Vidare er det eit potensial for å auke bompengeinntektene i eksisterande bompengeanlegg, utan å auke prisane

Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen bør setje i verk tiltak for å sikre ei meir effektiv innkrevjing av bompengar. Tiltaka bør blant anna rettast inn mot å auke omfanget av brikkebruk blant trafikantane. Tiltak som er sette i verk, bør førast vidare, og resultata bør følgjast opp.

Svakheiter ved Samferdselsdepartementet si styring og oppfølging på området

Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen bør klargjere kva styringsinformasjon departementet skal få. Statens vegvesen bør rutinemessig utarbeide kostnadsanalysar for drifta av bompengeselskapa. På bakgrunn av resultata frå desse analysane må relevante tiltak setjast i verk.

Svakheiter ved Statens vegvesen si oppfølging av bompengeselskapa

Statens vegvesen bør vidare sikre påliteleg rapportering frå bompengeselskapa gjennom å konkretisere rapporteringskrava og sjå til at regionane følgjer dei opp.

Det er store forskjellar i låne- og innskotsvilkåra for selskapa og det er vesentlege manglar knytt til konkurranseutsetjinga ved selskapa sine innkjøp av driftsoperatør

Statens vegvesen bør følgje opp at det enkelte bompengeselskap har ei så kostnadseffektiv innkrevjing som råd. Dette omfattar ei oppfølging av:

  • låne- og innskotsvilkåra og korleis dei blir forvalta
  • at bompengeselskapa etterlever lov om offentlige anskaffelser ved å konkurranseutsetje innkjøp av driftsoperatør
Statens vegvesen bør vidare sikre påliteleg rapportering frå bompengeselskapa gjennom å konkretisere rapporteringskrava og sjå til at regionane følgjer dei opp.
Omhandler følgende departement

Sist endret: 08.04.2013 12:32

 Relatert innhold

Samandrag i plakatformat

 Aktuelle nettsteder

 Del artikkelen

Facebook Twitter Linkin
 
Riksrevisjonen, Pilestredet 42, Postboks 8130 Dep 0032 Oslo | Sentralbord: 22 24 10 00 | Telefaks: 22 24 10 01 | Send e-post | Org.nr: 974 760 843