Bakgrunn og mål for undersøkinga
Kommunane har ei sentral rolle i den offentlege tenesteproduksjonen. Konsekvensane av svak styring og kontroll med tenestene kan vere alvorlege. Det kan bety at brukarane ikkje får dei tenestene dei skal ha, at ein utnyttar ressursane lite effektivt, og at ein ikkje når nasjonale mål. Formålet med undersøkinga har vore å vurdere styringa og kontrollen kommunane har med tenester med nasjonale mål.
Det har også vore eit mål å undersøkje i kva grad Kommunal- og regionaldepartementet varetek det overordna ansvaret sitt for styring og kontroll i kommunane.
For å vurdere styringa og kontrollen til kommunane er det valt ut nasjonale mål innan tre tenesteområde som alle er viktige for innbyggjarane – grunnskolen, heimetenesta og avløpstenesta. Undersøkinga omfattar i hovudsak perioden 2010–2012.
Funn
Mange kommunar har svak styring og kontroll med tenester som er viktige for brukarane
- Mange kommunestyre får ikkje systematisk rapportering om tilstanden på viktige tenesteområde
- Administrasjonssjefane i mange kommunar har svak kontroll med tilstanden i tenestene
- Kommunane utnyttar i liten grad dei moglegheitene til kontroll med tenestekvalitet som ligg i forvaltningsrevisjon
Ulike statlege sektorkrav og storleiken på kommunane påverkar styringa og kontrollen til kommunane
- Kommunestyra set i større grad mål og får i større grad rapportering om tenestekvaliteten i grunnskolen enn i heimetenesta og avløpstenesta. Ulike statlege sektorkrav og tilrette legging av måleindikatorar kan forklare dette.
- Kommunestyra i små kommunar får mindre rapportering om tenestekvalitet enn kommunestyra i store kommunar. Administrasjonssjefane i små kommunar innhentar også mindre styringsinformasjon enn i store kommunar.
Kommunal- og regionaldepartementet har i liten grad innhenta informasjon om bruken av lovpålagde styringsdokument i kommunane og i liten grad medverka til å samordne krava til internkontroll
Tilrådingar frå Riksrevisjonen
- Riksrevisjonen meiner at det er behov for tiltak som kan medverke til større bevisstheit om det ansvaret kommunestyra har for styring og kontroll. Det er spesielt behov for tiltak som kan bidra til at kommunestyret får nødvendig styringsinformasjon på viktige område. Ein bør særleg tilpasse tiltak til dei behova og utfordringane som små kommunar har. Aktuelle tiltak som Riksrevisjonen meiner Kommunal- og regionaldepartementet bør vurdere, er:
- hente inn meir kunnskap om korleis kommunane bruker dei lovpålagde styringsdokumenta – årsbudsjett og årsrapport – til styring etter mål og resultat
- gje rettleiing om styring, spesielt med tanke på behovet for målretta og tilstrekkeleg styringsinformasjon til kommunestyret
- Kommunal- og regionaldepartementet bør sette i verk ytterlegare tiltak som kan støtte internkontrollen til administrasjonssjefane. Ein bør særleg tilpasse tiltaka til behova og utfordringane i små kommunar.
- Kommunal- og regionaldepartementet bør medverke til eit meir samordna og forenkla regelverk for internkontroll for kommune sektoren, som også er tilpassa behovet til små kommunar.
- Kommunal- og regionaldepartementet bør medverke til at KOSTRA får fleire indikatorar som gjev informasjon om resultatkvaliteten på dei kommunale tenestene.