Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Internasjonalt arbeid > Støtte til riksrevisjonar

Støtte til utvikling av riksrevisjonar i andre land

Målet for utviklingssamarbeidet til Riksrevisjonen er å støtte riksrevisjonar i utvalde utviklingsland, slik at dei kan bidra meir effektivt til å fremje eit godt styresett i landet sitt.

I dette arbeidet tek Riksrevisjonen utgangspunkt i dei internasjonale standardane for offentleg revisjon og gir opplæring og rettleiing innanfor ulike revisjonsformer og støtte til styrking av institusjonane.

I samband med den årlege innsamlinga av statistikkdata for norske bistandsaktivitetar (ODA) rapporterte Riksrevisjonen at det hadde gått med 9,7 millionar kroner til dette utviklingsarbeidet i 2016.

Utviklingssamarbeid og IDI (INTOSAI Development Initiative)

IDI er organet for institusjonell bistand og utvikling i INTOSAI. Utviklingssamarbeidet til Riksrevisjonen skal vere tett kopla til arbeidet IDI gjer for utviklinga av riksrevisjonar i utviklingsland. Dette nære samarbeidet blei utvikla vidare i 2016.

Søknadsmengda til IDI viser at det er eit stort behov for støtte til institusjonsutvikling. Riksrevisjonen har forplikta seg til å ta på seg ein del av desse førespurnadene om støtte. Vidare gir Riksrevisjonen eitt årsverk i form av hospitering til IDI og støttar elles IDI ved behov. Riksrevisor Per-Kristian Foss er styreleiar i IDI. I tillegg kjem to av dei andre styremedlemmene frå Riksrevisjonen.

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843