Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Om Riksrevisjonen > 2016: Riksrevisjonen 200 år
Maleri/collage av Heidi Helland-Hansen. Høyesterettsadvokat Jonas Anton Hielm var statsrevisor i perioden 1816-1821

2016: Riksrevisjonen 200 år

I 2016 feira Riksrevisjonen 200-årsjubileum. Riksrevisjonen blei etablert i 1816. Utgangspunktet var den nye staten Noreg og Grunnlova av 1814. Denne fastslo at Stortinget skulle «udnævne fem Revisorer, der aarligen skulle gjennemsee Statens Regnskaber».

Publisert 08.05.2017 10:30

Ei bok om historia til Riksrevisjonen blei lansert 19. mai. I boka skildrar forfattarane Harald Espeli og Yngve Nilsen korleis Riksrevisjonen har utvikla seg frå å omfatte fem deltidsarbeidande revisorar og i lange periodar vere i ei bakevje overfor politikarar og media, til å oppleve ei stordomstid etter 1990. I dag er Riksrevisjonen synleg i media og hovudleverandøren av saker til kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

I Riksrevisjonen er vi opptekne av å utføre samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte og levere revisjonar av høg kvalitet. I takt med at Riksrevisjonen blir meir synleg og får ein meir sentral posisjon, har det frå tid til anna komme kritikk mot arbeidet vårt. For at vi skal kunne utvikle oss vidare og vere best mogleg rusta for framtida, er vi avhengige av også slike innspel og vurderingar frå eksterne aktørar. I samband med jubileet arrangerte vi derfor både seminaret Riksrevisjonen i framtiden i Oslo og debatten Riksrevisjonen på tiltalebenken under Arendalsuka.

Samanlikna med dei andre nordiske landa blir det forska relativt lite på Riksrevisjonen i Noreg. Vi skal no begynne å bruke eksterne forskarar til å gå gjennom og evaluere nokre av rapportane våre. Forskarane vil kunne sjå på den faglege kvaliteten i rapportane, inkludert relevansen i problemstillingane, samanhengen mellom revisjons- kriterium, analyse og konklusjonar, og om konklusjonane er klare og forståelege. Eit slikt prosjekt – saman med evna til å ta innover oss tilbakemeldingar frå andre eksterne aktørar og tilpasse oss utviklinga i samfunnet – vil bidra til at vi kan gå inn i dei neste 200 åra som ein solid og velfungerande riksrevisjon.

 Relatert innhald

 Historia i korte trekk

  • 1814: Grunnlovens § 75 k om valg av fem statsrevisorer
  • 1816: Det første kollegium velges av Stortinget 22. juni
  • 1821: Den første instruks for statsrevisorene vedtas av Stortinget 28. juli
  • 1822: Revisjonsdepartementet opprettes
  • 1866: Statsrevisjonen flytter inn i den nye Stortingsbygningen
  • 1880: Stortinget anmoder statsrevisorene om å komme med forslag til en nyordning av revisjonsvesenet
  • 1882: Statsrevisorene foreslår at all revisjon må legges under Statsrevisjonen
  • 1890: Statsrevisjonen flytter til Kjeld Stubsgt.1
  • 1913: Statsrevisjonen og Revisjonsdepartementet flytter til Victoria terrasse (Sydkvartalet)
  • 1918: Lov om statens revisjonsvesen 8. februar 1918. Statsrevisjonen og   Revisjonsdepartementet slås sammen under fellesnavnet Statsrevisjonen. Ca. 80 tilsatte.
  • 1938: Stortinget vedtar med (64 mot 63 stemmer)  at Statsrevisjonen endrer navn til Riksrevisjonen.
  • 1962: Revisjonen av Norges Statsbaner, Telegrafverket og Postverket overføres ved at de tre kontorenes personale innlemmes i Riksrevisjonen.
  • 1973: Edb-kontoret opprettes.
  • 1988: Avdeling VI opprettes. Tilleggslokaler leies i Kronprinsens gate og i Arbins gate.
  • 1992: Administrasjonsavdelingen opprettes. Avdeling VI opphører.
  • 1996: Forvaltningsrevisjonsavdelingen og Spesialavdelingen opprettes. Riksrevisjonen flytter inn i nye lokaler i Pilestredet 42.
  • 2001: Riksrevisjonen overtar sekretariatet for Stiftelsen INTOSAI Development Initiative (IDI)
  • 2002: Forvaltningsrevisjonen fordeles på to avdelinger FI og FII. Spesialavdelingen opphører.
  • 2004: Ny lov om Riksrevisjonen (riksrevisjonsloven) trer i kraft 1. juli.
  • 2014: Omorganisering: Fra fire til tre avdelinger for regnskapsrevisjon, oppretting av støtte- og utviklingsavdeling
  • 2016: Riksrevisjonen flytter inn i nye lokaler i Storgata 16.

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843