Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Om Riksrevisjonen > Publikasjoner > Brukarundersøking 2016

Riksrevisjonens brukarundersøking 2016

​Også i 2016 ble det gjennomført brukarundersøkingar om den årlige rekneskapsrevisjonen og selskapskontrollen samt gjennomførte forvaltningsrevisjonar.

Publisert 06.06.2017 13:15

Brukarundersøking om rekneskapsrevisjonen

Resultata frå brukarundersøkinga om rekneskapsrevisjonen for rekneskapsåret 2015 viser at måloppnåinga er svært god. Undersøkinga byggjer på svar frå 82 prosent av 228 reviderte verksemder og departement. Tabellen under viser måloppnåinga for dei aktuelle resultatindikatorane.

Rekneskap2016.jpg 

Måloppnåinga er betra på alle indikatorane for 2016 samanlikna med 2015. Måla for rekneskapsrevisjon, som er fastsette i den strategiske planen, er dermed nådde i 2016.

Brukarundersøking om selskapskontrollen

Resultata frå den oppsummerte brukarundersøkinga for selskapskontrollen byggjer på fem utvida rapportar og totalt ni svar. Seks av respondentane er departement. Tabellen under viser måloppnåinga for dei aktuelle resultatindikatorane.

Selskapskontroll2016.jpgForvaltninga vurderer selskapskontrollen som god når det gjeld profesjonalitet. Når det gjeld resultatmålet for indikatorane presentasjon og nytte, er ikkje målet nådd i perioden 2014 til 2016. For selskapskontroll er talet på rapportar og svar så lågt at nokre få enkeltsvar kan gi store prosentvise utslag. Det er altså ikkje grunnlag for å trekkje bastante og generelle konklusjonar basert på brukarundersøkingane isolert sett. Dei meir spesifikke kommentarane til dei enkelte rapportane er likevel viktige innspel til den vidare utviklinga av selskapskontrollen.

Brukarundersøking om forvaltningsrevisjon

Resultata frå den oppsummerte brukarundersøkinga for forvaltningsrevisjonen byggjer på 14 rapportar og totalt 28 svar. 18 av respondentane er departement. Tabellen under viser måloppnåinga for dei aktuelle resultatindikatorane.

Forvaltning2016.jpg 

Forvaltninga vurderer profesjonaliteten i forvaltningsrevisjonen som høg. Forvaltningsrevisjonen når ikkje resultatmåla for indikatorane presentasjon og nytte i 2016. Måloppnåinga over tid er ikkje tilfredsstillande når det gjeld spørsmålet om forvaltninga opplever at Riksrevisjonen presenterer resultata på ein god, balansert og truverdig måte. Riksrevisjonen vil vere spesielt opptekne av dette i revisjonen framover.

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843