Hopp til hovedinnhold

Dokument 3:13 (2022–2023) / Offentliggjort Norsk bistand til Syria-krisa 2016–2021

Utanriksdepartementet gjer ikkje nok systematiske vurderingar av resultat av bistanden til Syria-krisa. Det er viktig at departementet veit kva resultat ein oppnår med midlane. Då kan bistandsmidlane brukast mest mogleg effektivt.

Kort bakgrunn

  • Noreg forplikta seg til å gje 10 milliardar kroner til Syria og nabolanda i perioden frå 2016 til 2019. Ein stor del av dette har vore humanitære midlar.
  • I perioden 2016–2021 gjekk i underkant av 12 prosent av all norsk bistand til humanitær hjelp.
  • Det overordna målet med den norske humanitære innsatsen er å bidra til at menneske i naud får nødvendig vern og hjelp i tråd med det humanitære imperativet om å redde liv og dei humanitære prinsippa humanitet, nøytralitet, upartisk framferd og sjølvstende.

Overordna vurdering: Ikkje tilfredsstillande

  • Ikkje tilfredsstillande
  • Kritikkverdig
  • Sterkt kritikkverdig

Det er ikkje tilfredsstillande at

  • Utanriksdepartementet ikkje har sikra seg god nok dokumentasjon av resultata frå alle tilskotsmottakarane, og heller ikkje har gjort systematiske vurderingar av resultata for bistandsprosjekta
  • dokumentasjonen og arkiveringa til Utanriksdepartementet er mangelfull og lite oversiktleg

Konklusjonar

Tilrådingar

Vi tilrår at Utanriksdepartementet

  • sikrar at resultat for store bistandsprogram og -prosjekt på landnivå blir vurderte og dokumenterte i tråd med eigne retningslinjer
  • sikrar at oppfølginga av den multilaterale bistanden på landnivå gjev tilstrekkeleg kunnskap om kva som blir oppnådd
  • gjer saksbehandlinga meir sporbar, særleg for den multilaterale bistanden, slik at alle sentrale dokument som er knytte til ein avtale eller eit tilskot, lett kan finnast att
  • dokumenterer vurderingar av utfordringar med dei humanitære prinsippa i større humanitære prosjekt og landprogram
  • held fram med å følgje opp ambisjonen om eit betre samspel mellom humanitær og langsiktig bistand i Jordan og Libanon

Riksrevisjonen har over tid peika på svakheiter ved resultatinformasjonen Utanriksdepartementet har og korleis dei følgjer opp resultata av bistanden. Vi vil derfor understreke at det er behov for vesentlege forbetringar i resultatoppfølginga departementet gjer.

Behandla ferdig i Stortinget

Vi leverte undersøkinga til Stortinget 8. juni 2023. Dei behandla ho 5. desember same år.

Følg behandlinga vidare på stortinget.no
Kategorier: Bistand/utenriks

Spørsmål?

Bilde av Sissel Elisabet Helminsen

Sissel Elisabet Helminsen

Kommunikasjonsrådgiver

977 27 237 seh@riksrevisjonen.no
Bilde av Aleksander Åsheim

Aleksander Åsheim

Ekspedisjonssjef

945 07 619 aas@riksrevisjonen.no