Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > Fleire fattige barn – for få tiltak i kommunane
Dokumentets forsideillustrasjon: Glade venner, pil, brevikoner, søyler, ensomt barn

Fleire fattige barn – for få tiltak i kommunane

​Mange kommunar gjer for lite for at barn som veks opp i familiar med låginntekt, skal kunne delta sosialt. – Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet bør medverke til å styrkje kommunane sitt arbeid med å gi fattige barn gode vilkår for sosial deltaking, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

Publisert 25.06.2014 11:00

Dokument 3:11 (2013–2014) Riksrevisjonens undersøking av barnefattigdom blei overlevert Stortinget 25. juni 2014.

Undersøkinga viser at delen barn i låginntektsfamiliar i perioden 2002 til 2012 har auka frå fem til åtte prosent. Det betyr at det i 2012 var 78 000 fattige barn i Noreg. Stortinget har i fleire samanhengar gitt uttrykk for at alle barn skal kunne delta på viktige sosiale arenaer, slik FNs konvensjon om barnerettane legg til grunn.

– Auken i delen fattige barn har forsterka behovet for gode tiltak i kommunane, seier Foss.

Mange kommunar har få tiltak som skal bidra til at fattige barn kan delta sosialt. Dei veit ofte for lite om kva for barn som kan ha bruk for ekstra hjelp for å delta sosialt, og korleis tiltaka bør innrettast for å nå målgruppa.

– Departementet bør vurdere om meir kunnskap om gode løysingar og metodar kan hjelpe kommunane til å nå fram til fleire fattige barn, seier Foss.

Undersøkinga viser også at den statlege innsatsen ikkje er godt nok koordinert.

– Bruken av statlege tilskotsordningar bør samordnast betre, meiner riksrevisor, som også tilrår større grad av samarbeid mellom direktorat som har oppgåver og verkemiddel retta mot utsette barn og unge. – Samarbeid mellom direktorat som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet er viktig for å sikre god bruk av den kompetansen kvart enkelt fagmiljø har, seier Foss.

Halvparten av barna i låginntektsfamiliar har innvandrarbakgrunn. Kulturell kompetanse er derfor viktig i kommunane sitt arbeid.

– Rolla til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet som kompetansesenter for kommunane, er eit verkemiddel som departementet og direktorat med oppgåver på området kan utnytte betre i arbeidet mot barnefattigdom, meiner Foss.

Det går også fram av undersøkinga at mange NAV-kontor ikkje har nok kunnskap om kva behov barn har for økonomisk støtte til fritidsaktivitetar.

Statsråden opplyser i sitt svar til Riksrevisjonen at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet vil bli bedt om å medverke til å styrkje arbeidet i kommunane med å etablere fleire og betre tiltak for fattige barn og unge. Departementet vil følgje opp tilrådinga om å samordne og forenkle bruken av statlege tilskotsordningar.

Dokumentet kan lastast ned gjennom lenka til høgre.

Offentlege institusjonar kan tinga dokumentet frå Departementenes servicesenter, telefon 22 24 20 00, publikasjonsbestilling@dss.dep.no. Andre kan tinga dokumentet frå Fagbokforlaget, telefon 55 38 66 00, offpub@fagbokforlaget.no.

Utsett offentlegheit for dokumentar som er utarbeida av eller til Riksrevisjonen i tilknytning til Dokument 3:11 (2013–2014), jf. riksrevisjonsloven § 18 annet ledd, vert med dette oppheva.

 Kontaktperson

​Ekspedisjonssjef Therese Johnsen, tlf. 911 52 826

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843