Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > – Manglande digitalisering kan føre til at kulturarv går tapt
Dokumentets forside-illustrasjon: Nettbrett i gamalt pergament (FOTO: Colorbox), rosemåling. Ikonar: usb, skjerm, mus, kamera

– Manglande digitalisering kan føre til at kulturarv går tapt

​Trass i målet frå Stortinget om best mogleg tilgang til kulturarv, er størsteparten av samlingane i norske kulturinstitusjonar framleis ikkje digitaliserte. – Konsekvensane av dette er potensielt store. Utan ein digital kopi kan kulturarv gå tapt, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

Publisert 07.02.2017 12:00

Dokument 3:4 (2016-2017) Riksrevisjonens undersøking av digitalisering av kulturarven blei levert til Stortinget 7. februar.

Stortinget har lagt til grunn at fellesskapen har eit ansvar for å sikre samlingane i arkiv, bibliotek og museum for kommande generasjonar, og å gi folket tilgang til dei. Digitalisering er i stadig større grad ein føresetnad for dette.

Undersøkinga frå Riksrevisjonen viser at det berre er Nasjonalbiblioteket som har ei framdrift som er i tråd med digitaliseringsmeldinga, St.meld. nr. 24 (2008–2009). Nasjonalbiblioteket har digitalisert nesten heile boksamlinga si. I musea er om lag 30 prosent av gjenstandane digitaliserte, og 27 prosent av musea meiner at det vil ta meir enn 20 år å komme à jour. Arkivverket har digitalisert om lag 2 prosent av innhaldet i arkiva sine.

– Framdrifta til no kan ikkje seiast å vere i tråd med Stortinget sitt overordna mål om best mogleg tilgang til mest mogleg kulturarv til flest mogleg, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

Fysisk materiale vil bli utsett for slitasje når det blir brukt, og det er risiko for at det fysiske formatet kan komme til skade eller bli forringa over tid.

– Manglande digitalisering fører også til at kulturarven ikkje blir breitt tilgjengeleg for det norske folket, slik Stortinget ønskjer, konstaterer Foss.

Av materialet som er digitalisert i arkivsektoren og museumssektoren, har brukarane tilgang til berre om lag halvparten på Internett. Undersøkinga viser at det hovudsakleg kjem av at registreringane av materialet ikkje er fullstendige. Alle sektorane har til felles at dei i for liten grad driv formidling av det digitale materialet.

Kulturdepartementet har ikkje hatt ei aktiv styring av digitaliseringsarbeidet. Digitalisering er lite synleg i styringsdialogen, og det er få spor av at resultat blir vurderte eller følgde opp.

– Kulturdepartementet har ikkje følgt opp arbeidet med digitalisering i Arkivverket og museumssektoren godt nok, påpeiker Foss.

Den største utfordringa på arkivområdet er handteringa av digitalt skapt materiale. Arkivverket har i etatsstyringsmøte uttrykt at dei har store utfordringar med dette. Likevel er det få teikn til at departementet har teke initiativ til å løyse problema kring dette i den perioden som er undersøkt.

– Materiale frå tidlegare fasar i historia til elektroniske dokument er ein viktig del av norsk kulturarv som raskt kan gå tapt dersom ikkje noko blir gjort. Det er risiko for at arkiv blir borte for alltid dersom dei ikkje blir konverterte til moderne tekniske løysingar, seier riksrevisoren.

Ifølgje digitaliseringsmeldinga er langtidslagring av arkivmateriale så kompetanse- og ressurskrevjande at Arkivverket og Nasjonalbiblioteket burde samarbeide med kvarandre og med museumssektoren om ei løysing. Eit slikt samarbeid er ikkje etablert. Mangelen på felles løysingar gjer at dei fleste musea i dag ikkje har ei ordning for langtidslagring av det digitaliserte materialet.

Dokumentet kan lastast ned gjennom lenka til høgre.

Offentlege institusjonar kan bestille dokumentet frå Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa, telefon 22 24 20 00, publikasjonsbestilling@dss.dep.no . Andre kan bestille dokumentet frå Fagbokforlaget, telefon 55 38 66 00, offpub@fagbokforlaget.no

Utsett offentligheit for dokumenter som er utarbeidde av eller til Riksrevisjonen i tilknytning til Dokument 3:4 (2016−2017), jf. riksrevisjonslova § 18 andre ledd, oppheva.

 Kontaktpersonar

​Ekspedisjonssjef Therese Johnsen, tlf. 22 24 11 74, mobil 911 52 826
Kommunikasjonsrådgivar Susanne Berg-Hansen, mobil 959 33 834

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843