Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > Faren for flaum og skred ikkje godt nok kartlagt

Faren for flaum og skred ikkje godt nok kartlagt

Den statlege kartlegginga av flaum- og skredfare er mangelfull. Mange kommunar er ikkje godt nok førebudde på faren for flaum og skred. Dei manglar kompetanse til å dra nytte av den statlege kartlegginga og manglar ofte kjennskap til det juridiske ansvaret dei har. – Kommunar har plikt til å auke flaum- og skredkompetansen sin og statlege etatar må ta eit mykje større ansvar for at dette skjer, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.
Publisert 15.04.2010 12:30
Dokument 3:4 (2009–2010) Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til styresmaktene med å førebyggje flaum- og skredfare vart overlevert Stortinget 15. april 2010.

Store delar av Noreg er utsett for flaum og skred frå naturens side. Førebygging er ei viktig oppgåve for styresmaktene. Riksrevisjonens undersøking viser at det er varierande grad av nasjonal kartlegging av flaum-, kvikkleire- og skredfare. Ved utgangen av 2008 var det innanfor dei kartlagde fareområda nesten 66 000 bygningar. Omlag 160 000 menneske var busette der.

Aktsemdskart for stein- og snøskred er utarbeidd for å gi kommunane hjelp til å vurdere kvar dei skal kartleggje grundigare. Riksrevisjonens undersøking viser at desse aktsemdskarta ikkje er godt nok kjende i kommunane eller hos fylkesmennene. – Få av dei som har motteke slike kart, gjer dei nødvendige oppfølgingsundersøkingane, seier Jørgen Kosmo.

Kommunane rettar seg i stor grad etter informasjon om flaum og skred som kjem frå fagetatar. Undersøkinga viser likevel at fleire kommunar ikkje hadde god nok forståing av lovgrunnlaget og det ansvaret dei har. Mange kommunar manglar flaum- og skredkompetanse, og dei har heller ikkje fått den hjelpa dei har hatt bruk for frå statlige etatar. Undersøkinga viser òg at fylkesmenn og kommunar ikkje veit korleis dei skal ta omsyn til klimaendringar i arbeidet med å avgrense flaum- og skredfare.

Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet synest undersøkinga er relevant og nyttig i det vidare arbeidet deira. Frå og med 1. januar 2009 fekk Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) det overordna statlege ansvaret for å førebyggje alle former for skred, og skal arbeide etter den same modellen som etaten har hatt i sitt flaumarbeid. Skredansvaret blei flytta frå fleire statlege styresmakter og samla i NVE for å forbetre den statlege forvaltninga.

Dokumentet kan hentast gjennom lenka til høgre, eller tingast frå Akademika bokhandel, tlf. 800 80 960 / 22 18 81 00. Andre kan tinge dokumentet frå Fagbokforlaget, telefon 55 38 66 00, offpub@fagbokforlaget.no

Utsett offentligheit for dokument som er utarbeidd av eller til Riksrevisjonen i tiknyting til Dok. nr. 3:4 (2009–2010), jf. riksrevisjonslovas § 18 andre leddet, vert oppheva.

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843