Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > – Yrkesfagleg opplæring ikkje godt nok tilpassa rekrutteringsbehova i arbeidslivet
Illustrasjuon: Skolepulter, ambulansepersonell, tømrere, anleggsmaskin, ikt

– Yrkesfagleg opplæring ikkje godt nok tilpassa rekrutteringsbehova i arbeidslivet

​Sjølv om Stortinget har understreka at det er eit mål å sikre flest mogleg elevar læreplass, var det over 9000 søkjarar som ikkje fekk læreplass i 2015. Samtidig finst det ledige plassar. – Opplæringstilbodet innan yrkesfaga er ikkje godt nok tilpassa behovet for arbeidskraft, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

Publisert 10.05.2016 13:00

Dokument 3:12 (2015–2016) Riksrevisjonens undersøking av styresmaktene sitt arbeid for å auke talet på læreplassar blei overlevert Stortinget 10. mai.

Ei viktig årsak til at ungdom ikkje fullfører vidaregåande opplæring, er at dei ikkje får læreplass. Det inneber eit stort ressurstap for eleven sjølv, men også for samfunnet. Målet med undersøkinga har vore å klarleggje kvifor mange søkjarar frå yrkesfagleg opplæring ikkje får tilbod om lærplass.

I 2012 inngjekk styresmaktene og partane i arbeidslivet Samfunns-kontrakten for fleire læreplassar. Eit viktig mål i denne var å auke talet på nye læreplassar med 20 prosent innan 2015. Mens auken i lærekontraktar har vore på 8 prosent totalt i denne perioden, har talet på søkjarar auka meir. Dette gjer at prosentdelen søkjarar som får læreplass, er redusert. I 2015 var det over 9000 søkjarar som ikkje fekk læreplass i Noreg, noko som utgjer over 30 prosent av alle søkjarane.

Dei aller fleste lærlingane får opplæring i privat sektor, der rekrutteringsbehovet i den enkelte verksemda i stor grad avgjer kor mange lærlingar som blir tekne inn.

– Kunnskapsdepartementets bruk av verkemiddel har ikkje medverka nok til å gjere inntaket av lærlingar mindre avhengig av det kortsiktige rekrutteringsbehovet, konstaterer riksrevisor Per-Kristian Foss.

Riksrevisjonens undersøking viser at det arbeidet fylkeskommunane gjer med å rekruttere nye lærebedrifter og skaffe fleire læreplassar, kan bli meir aktivt og systematisk enn det er i dag. Mange private bedrifter meiner at blant anna meir informasjon frå fylkeskommunane og meir praktisk rettleiing kunne medverka til fleire læreplassar hos dei. Vidare opplyser eit klart fleirtal av kommunane og halvparten av bedriftene at auka lærlingtilskot sannsynlegvis ville medverka til auka inntak av lærlingar.

– Dette indikerer at meir aktiv bruk av ulike verkemiddel frå styresmaktene kan medverke til å auke talet på læreplassar og lærebedrifter, seier Foss.

Undersøkinga tyder vidare på at det finst ledige læreplassar i fleire fylke og fag samtidig som mange søkjarar ikkje får læreplass. Ei viktig årsak til dette er at mange fylkeskommunar, i strid med føringane i opplæringslova, legg meir vekt på ønska til elevane enn på rekrutteringsbehova i arbeidslivet når dei planlegg talet på skuleplassar. Ei følgje av dette er at mange elevar får opplæring i fag der det ikkje vil vere nok læreplassar.

Også andre forhold, som for lite arbeidspraksis undervegs i skuleopplæringa, manglar ved det teknisk utstyret elevane nyttar i skulane, og for lite systematisk oppfølging av fagleg svake elevar, ser ut til å medverke til at mange ikkje får læreplass.

Stortinget har framheva at offentlege verksemder bør gå føre ved sjølv å ta inn lærlingar. Undersøkinga tyder på at mange statlege verksemder har lite kunnskap om lærlingordninga. I 2015 blei det teke inn om lag 1250 lærlingar i staten.

– Staten bør kunne kan ta inn fleire lærlingar enn i dag, meiner Foss.

Dokumentet kan lastast ned frå lenka til høgre på sida.

Offentlege institusjonar kan bestille dokumentet frå Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa, telefon 22 24 20 00, publikasjonsbestilling@dss.dep.no

Andre kan bestille dokumentet frå Fagbokforlaget, telefon 55 38 66 00, offpub@fagbokforlaget.no

Utsett offentlegheit for dokument som er utarbeidde av eller til Riks¬revisjonen i tilknyting til Dokument 3:12 (2015–2016), jf. riksrevisjonslova § 18 andre ledd, blir oppheva.

 Kontaktpersonar

Ekspedisjonssjef Therese Johnsen, telefon 22 24 11 74, mobil 911 52 826

Kommunikasjonsrådgivar Susanne Berg-Hansen, telefon 22 24 14 14, mobil 95 93 38 34

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843