Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > Oppfølging av tidligere rapporterte forvaltningsrevisjonar

Oppfølging av tidligere rapporterte forvaltningsrevisjonar

​Riksrevisjonen har fulgt opp elleve tidligere rapporterte forvaltningsrevisjonar. Ti saker avsluttes, ein følges videre.

Publisert 16.10.2014 10:55

​Dokument 3:1 (2014–2015) Riksrevisjonens oppfølging av forvaltningsrevisjonar som er behandla av Stortinget blei overlevert Stortinget 16. oktober 2014. Riksrevisjonen følgjer normalt opp forvaltningsrevisjonar tre år etter at sakene er behandla av Stortinget. Dersom det ikkje er gjort nødvendige forbetringar etter tre år, blir saka fulgt opp igjen året etter.

Dokument 3:1 (2014–2015) omhandlar oppfølginga av elleve saker. For ti saker viser oppfølginga at forvaltninga har utbetra forholda som Riksrevisjonen hadde merknader til i forvaltningsrevisjonen, og sakene er avslutta. Ei sak vil Riksrevisjonen følgje vidare:

Riksrevisjonens undersøkelse av Integrerings- og mangfoldsdirektoratets måloppnåelse og virkemiddelbruk i arbeidet med bosetting og kvalifisering av flyktninger – Dokument 3:3 (2010–2011)

Riksrevisjonen registrerer at delen flyktningar som tek til i jobb eller utdanning etter at dei er ferdige med introduksjonsprogrammet, fall i perioden 2006–2010, men har stige noko att sidan 2010. Det er framleis under halvparten av deltakarane som går direkte til jobb eller utdanning etter avslutta program. Eitt år etter avslutta program er delen personar i jobb eller utdanning knapt 60 prosent.

Gjennomførte tilsyn viser manglar og veikskapar i introduksjonsprogrammet i fleire kommunar, blant anna at programmet ikkje er heilårleg, ikkje er på fulltid, og at det ikkje blir utarbeidd individuelle planar i samsvar med introduksjonslova.

Riksrevisjonen meiner også at Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet har for lite systematisk informasjon om kvaliteten på opplæringa utover kor stor del som består prøvene.

Riksrevisjonen har merka seg at dei fleste av tiltaka til departementet er retta inn mot å skaffe informasjon og ikkje direkte mot å forbetre resultatet i kommunane. Riksrevisjonen meiner det er behov for tiltak for kommunar med svake resultat.

Dokumentet kan lastast ned gjennom lenka til høgre.

Offentlege institusjonar kan tinga dokumentet frå Departementenes servicesenter, telefon 22 24 20 00, publikasjonsbestilling@dss.dep.no. Andre kan tinga dokumentet frå Fagbokforlaget, telefon 55 38 66 00, offpub@fagbokforlaget.no.

Utsett offentlegheit for dokumentar som er utarbeida av eller til Riksrevisjonen i tilknytning til Dokument 3:11 (2013–2014), jf. riksrevisjonsloven § 18 annet ledd, vert med dette oppheva.

 Kontaktperson

​Kommunikasjonsrådgjevar Anders Bortne, tlf 957 67 794

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843