Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > Terra-saka: Mangelfull saksbehandling og oppfølging av Vik-brevet - Dokument nr. 3:11 (2007-2008)

Terra-saka: Mangelfull saksbehandling og oppfølging av Vik-brevet - Dokument nr. 3:11 (2007-2008)

Kommunal- og regionaldepartementet har ikkje hatt tilfredsstillande saksbehandling og oppfølging i saka som gjeld finansielt sal av konsesjonskraftrettane i Vik kommune. Saka var prinsipiell, og den blei handsama på eit for lågt nivå i departementet. Departementet gjekk ikkje grundig nok inn i saksdokumenta, og oppfølginga av saka vart ikkje prioritert i fem år. – Vi er kritiske til måten departementet har behandla denne saka på, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.
Publisert 10.06.2008 13:59

Riksrevisjonens undersøking av behandling og oppfølging av Vik-brevet i Kommunal- og regionaldepartementet ("Terra-saka"), Dokument nr. 3:11 (2007–2008), vart overlevert Stortinget 10. juni 2008.

Sentralt i saka er eit svarbrev frå Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) til fylkesmannen i Sogn og Fjordane (omtalt som Vik-brevet). Brevet slår fast at avtalen i samband med finansielt sal av konsesjonskraftrettane i Vik kommune ikkje var i strid med kommunelova. Vik-brevet vart behandla i KRD i 2002. Riksrevisjonens undersøking viser at kvalitetssikringa av Vik-brevet var mangelfull. Saka var prinsipiell og burde ha vore behandla på eit høgare nivå i departementet.

Undersøkinga viser også at departementet ikkje gjekk grundig nok inn i saksdokumenta i 2002. Dette resulterte i at dei vurderingane departementet kom med i Vik-brevet, bygde på feil premissar. Då departementet oppdaga dette hausten 2006, vart ikkje Vik kommune informert. Riksrevisjonen er sterkt kritisk til ein slik forvaltningspraksis.

Vik-brevet og spørsmåla departementet fekk etter at brevet var sendt, tilsa at det var behov for å avklare om det var nødvendig å stramma inn regelverket på dette området. Då Terra-saka vart omtalt i pressa hausten 2007, hadde det gått fem år utan at leiinga i departementet hadde tatt stilling til saka. Vik-brevet hadde i mellomtida vorte brukt av andre kommunar og kommersielle interesser til å legitimere finansielle avtalar av same type Vik kommune gjorde med Terra.
- Den manglande oppfølginga gir grunn til å stille spørsmål ved om den øvste administrative leiinga i departementet hadde god nok oversikt over aktivitetar og problemstillingar knytt til slike saker, seier Kosmo.

Kommunal- og regionaldepartementet har etter Riksrevisjonens meining eit
generelt ansvar for å rettleie om korleis ein skal forstå kommunelova.
Lovtolkingane til departementet blir tillagt stor vekt og nytta som
rettskjelder. Dette stiller særlige krav til departementet si behandling av
lovtolkingssaker. Riksrevisjonen er likevel samd med departementet i at kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å tolke og innrette seg etter lova. Dei er også ansvarlege for sine eigne økonomiske disposisjonar.

Departementet er einig i at Vik-saka var prinsipiell, at den blei handsama på eit for lågt nivå i departementet og at oppfølginga av Vik-brevet burde ha vore sett i gang tidlegare. Departementet opplyser dessutan at ein no har gått igjennom rutinar og interne system for å sjå om noko kan gjerast endå betre ved handtering og oppfølging av denne typen saker.

Dokumenta kan hentast frå denne nettstaden, følg lenkene til høgre. Bestill ev. papirutgåve frå DSS via publikasjonsbestilling@dss.dep.no , tlf. 22 24 20 00 (offentlege) - eller Akademika bokhandel, tlf. 800 80 960 / 22 18 81 23 (private).

Utsett offentligheit for dokument som er utarbeidd av eller til Riksrevisjonen i tilknyting til Dok. nr. 3:11 (2007–2008), jf. riksrevisjonslova § 18 andre leddet, vert oppheva.

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843