Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > Riksrevisjonen vil følgje opp undersøkingane om reinbeiteressursar og handlingsretta forskingsprogram - Dokument nr. 3:1 (2008-2009)

Riksrevisjonen vil følgje opp undersøkingane om reinbeiteressursar og handlingsretta forskingsprogram - Dokument nr. 3:1 (2008-2009)

Riksrevisjonen vil følgje vidare opp dei to undersøkingane om berekraftig bruk av reinbeiteressursane i Finnmark og Noregs forskingsråds handlingsretta program. Åtte andre forvaltingsrapportar som er oversendt Stortinget i løpet av dei siste åra vil bli avslutta.
Publisert 06.11.2008 11:58
Riksrevisjonen overleverte 6. november eit dokument om oppfølging av forvalt-nings¬revisjonar som er handsama av Stortinget - Dokument nr. 3:1 (2008-2009).

Riksrevisjonens undersøkelse av bærekraftig bruk av reinbeiteressursene i Finnmark – Dokument nr. 3:12 (2003-2004)
Undersøkinga frå 2004 avdekka at beitesituasjonen ikkje var i samsvar med målet om ei økologisk berekraftig reindrift. For å snu den negative utviklinga måtte talet på reinsdyr reduserast til eit berekraftig nivå på kort og lang sikt.

Riksrevisjonen meiner at det er for tidleg å vurdere effekten av dei tiltaka som departementet har eller er i ferd med å setje i verk. Dette arbeidet er langsiktig, og pr. i dag er det berre mindre forbetringar i beitesituasjonen. For eitt av områda er det også teikn på at situasjonen er blitt verre.
Det faktiske talet på rein er heller ikkje i samsvar med den øvre grensa som er sett. Det er heller ikkje vedtatt nye rammevilkår for næringa. På bakgrunn av dette har Riksrevisjonen vedtatt å følgje saka vidare opp.

Riksrevisjonens undersøkelse av Norges forskningsråds handlingsrettede programmer – Dokument nr. 3:6 (2004-2005)
Undersøkinga frå 2005 konkluderte med at det ikkje var innarbeidd ein felles overordna strategi for brukarretta formidling i Noregs forskingsråd. Fleire av programma hadde ikkje identifisert målgrupper for forskinga, og dessutan var ikkje forskingsinformasjonen gjort tilgjengeleg på Internett.

Noregs forskingsråd har utarbeidd eit nytt system for verksemdsstyring, der samanhengen mellom strategi og handlingar skal bli tydelegare. Tiltak som er sett i gang skal gjennomførast i løpet av 2008, og det er difor tidleg å vurdere verknadene av tiltaka. Riksrevisjonen har vedtatt å følgje saka vidare opp.

Lenke til dokumentet ligger i høyre kolonne. Dokumentet kan også bestilles fra Akademika bokhandel, tlf. 800 80 960 / 22 18 81 00.

Utsatt offentlighet for dokumenter som er utarbeidet av eller til Riksrevisjonen i tilknytning til Dokument nr. 3:1 (2008–2009), jf. riksrevisjonslovens § 18 annet ledd, oppheves.

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843