Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > Vaksne med psykiske lidingar får ikkje god nok behandling - Dokument nr. 3:5 (2008-2009)

Vaksne med psykiske lidingar får ikkje god nok behandling - Dokument nr. 3:5 (2008-2009)

Retten til nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta blir vurdert svært ulikt frå ein institusjon til ein annan. Retten avheng ikkje berre av kor alvorleg lidinga er, men òg av kapasiteten ved institusjonen som pasienten blir tilvist til. – Dette er nedslåande resultat etter mange års satsing på psykisk helsevern. På nokre område er kapasiteten så låg at vi meiner det er nødvendig med særskilte tiltak, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.
Publisert 25.11.2008 12:30

Dokument nr. 3:5 (2008–2009) Riksrevisjonens undersøking av spesialisthelsetenesta sitt tilbod til vaksne med psykiske problem vart sendt over til Stortinget 25. november.

Undersøkinga viser at det er store skilnader mellom både regionar, helseføretak og institusjonar når det gjeld kapasitet til å behandle vaksne med psykiske lidingar. Dette gjeld alle delar av tilbodet: poliklinikk, dagavdeling og døgnavdeling. Det er også store variasjonar når det gjeld prosentdel spesialistar. I nokre område er både kapasiteten og prosentdelen spesialistar låg. Dette medfører lange ventetider. Både kapasitet, ventetid og kompetanse hjå spesialisthelsetenesta har innverknad på primærlegane sin praksis når det gjeld å tilvise pasientar.

Helseføretaka praktiserer prioriteringsforskrifta svært ulikt. Opplagte rettspasientar får avslag, medan pasientar som burde fått avslag, blir tatt inn. Det er ingen samanheng korkje mellom diagnose og prioritering av pasienten, eller mellom diagnose og frist for behandling.

– Dette bryt klart med det som er intensjonen med forskrifta, nemleg å gi pasientane ein lik rett til helsehjelp, seier Kosmo.

Mange klinikkar gir for lite informasjon til både pasient og fastlege. Dette kan føre til at pasientane ikkje har føresetnad for å kunne hevde sine rettar, mellom anna når det gjeld høve til å klage. Denne praksisen er ikkje berre i strid med regelverket, men òg med målsetjinga om at brukarperspektivet skal leggjast til grunn for tenestetilbodet.

Viktige styringsdata manglar, og kvaliteten på dei data som ligg føre, er dårleg. Kvart år fastset Helse- og omsorgsdepartementet mange styringskrav og indikatorar som det i liten grad blir rapportert om, og som heller ikkje blir følgt opp. Korkje dei regionale helseføretaka eller departementet har difor god kontroll med området.

Helse- og omsorgsdepartementet er samd i at det framleis er store utfordringar knytt til kvaliteten på tilvisingar frå legane, praktisering av prioriteringsforskrifta og kompetanse og styring innan psykisk helsevern for vaksne.

Lenke til dokumentet ligg i kolonna til høgre. Dokumentet kan òg tingast frå Akademika bokhandel, tlf. 800 80 960 / 22 18 81 00.

Utsett offentligheit for dokument som er utarbeidd av eller til Riksrevisjonen i tilknyting til Dok. nr. 3:5 (2008–2009), jf. riksrevisjonslova § 18 andre leddet, vert oppheva.

 

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843