Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > Mange vanskelegstilte får ikkje hjelp til å skaffe seg bustad - Dokument nr. 3:8 (2007-2008)

Mange vanskelegstilte får ikkje hjelp til å skaffe seg bustad - Dokument nr. 3:8 (2007-2008)

Dei offentlege verkemidla som skal hjelpe dei vanskelegstilte til å skaffe seg bustad, fungerer ikkje godt nok. Mange av dei kommunale bustadene har for dårleg standard og bumiljø. – Kommunal- og regionaldepartementet har ikkje vore nok målretta i styringa av det bustadsosiale området. Resultatet av dette er at mange ikkje får den hjelpa dei treng, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.
Publisert 22.04.2008 13:27

Dokument nr. 3:8 (2007–2008) Riksrevisjonens undersøkelse av tilbudet til de vanskeligstilte på boligmarkedet, vart overlevert Stortinget 22. april 2008.

Dei vanskelegstilte på bustadmarknaden er personar som er avhengige av hjelp og stønad for å etablere seg i og behalde ein bustad. Undersøkinga viser at dei bustadsosiale verkemidla ikkje når alle dei vanskelegstilte. Dette skuldast mellom anna at forvaltinga av ordningane ikkje er godt nok samordna. Personar som korkje har høg nok inntekt til å kunne betene eit startlån eller som tilfredsstiller krava til å få bustadtilskot, kommunal bustad og bustønad fell utafor. Det at mange fell utafor bustønadsordninga skuldast både dei økonomiske grensene og krava til husstandtype.

Det er lang ventetid for å få kommunal bustad. Eit fleirtal av kommunane i undersøkinga opplyser at dei har for få bustader som er tilpassa personar med rus- og/eller psykiatriproblem, store barnefamiliar og personar med nedsett funksjonsevne. Mange kommunale bustader har for dårleg standard og eit dårleg bumiljø. – Ein del barnefamiliar i kommunale bustader bur under forhold som må karakteriserast som uakseptable, seier Kosmo.

Om lag 40 prosent av kommunane gir ikkje alle skriftlege vedtak på søknad om kommunal bustad. Dette bryt med krava i forvaltingslova når det gjeld vedtak i einskildsaker, og har alvorlege konsekvensar for rettstryggleiken til dei vanskelegstilte. Det inneber mellom anna at mange søkjarar ikkje får høve til å klage.

Undersøkinga viser vidare at Kommunal- og regionaldepartementet og Husbanken ikkje har god nok oversikt over behovet dei vanskelegstilte har for bustad og om dei bustadsosiale verkemidla fungerer etter føremålet. Utan nok kunnskap om kva grupper som treng hjelp, er det ikkje mogeleg å tilpasse verkemiddelbruken slik at måla på det bustadsosiale området blir nådd. Riksrevisjonen meiner at Husbanken må auke innsats og kompetanse på det bustadsosiale området.

Kommunal- og regionaldepartementet er samd med Riksrevisjonen i at tilbodet til de vanskelegstilte på bustadmarknaden ikkje er godt nok. Kommunal- og regionaldepartementet opplyser at dei tar dei uløyste oppgåvene på alvor, og at det difor er nødvendig med eit sterkt nasjonalt fokus på dette området.


Dokumentet kan hentast frå denne nettstaden, sjå lenka til høgre, eller tingast frå Akademika bokhandel, tlf. 800 80 960 / 22 18 81 00.

Utsett offentligheit for dokument som er utarbeidd av eller til Riksrevisjonen i tilknyting til Dok. nr. 3:8 (2007–2008), jf. riksrevisjonsloven § 18 andre leddet, vert oppheva.

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843