Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > Verneverdige og freda bygningar blir ikkje godt nok varetatt
Dokumentets forsideillustrasjon: Trehus, koie, fyrhus

Verneverdige og freda bygningar blir ikkje godt nok varetatt

Miljøverndepartementet følgjer ikkje godt nok opp sitt overordna nasjonale ansvar for verneverdige og freda bygningar. Svakheitene som kjem fram i ei undersøking frå Riksrevisjonen inneber at desse bygningane kan gå tapt, og at det er risiko for at dei nasjonale måla på området ikkje blir nådd innan 2020 som Stortinget har føresett. – Følgjene av dette er at samfunnet kan miste viktige kjelder til kunnskap, opplevingar og identitet, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.
Publisert 07.05.2009 12:35

Dokument nr. 3:9 (2008–2009) Riksrevisjonens undersøking av korleis Miljøverndepartementet ivaretek sitt nasjonale ansvar for freda og verneverdige bygningar vart sendt over til Stortinget 7. mai.

Undersøkinga viser at Miljøverndepartementet ikkje har tilstrekkeleg styringsinformasjon på bygningsvernområdet. Departementet og Riksantikvaren manglar informasjon om tap av verneverdige bygningar, om korleis fredingsmassen er samansett, tilstanden til freda bygningar og kva samiske bygningar som er automatisk freda. Departementet har dessutan manglande informasjon om korleis Riksantikvaren, Sametinget, fylkeskommunane og kommunane brukar sine verkemiddel.

Denne manglande styringsinformasjonen gjer at departementet ikkje har eit godt nok grunnlag for å vurdere om måla er nådd og for å kunne gi nødvendige styringssignal til forvaltninga. Dette inneber dermed stor risiko for at måla på området ikkje blir nådd – Vi forventar at Miljøverndepartementet vil prioritere dette arbeidet framover, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.

Undersøkinga viser at kulturminneforvaltninga i liten grad nyttar tilgjengelege verkemiddel i plan- og bygningslova og kulturminnelova. Riksantikvaren og fylkeskommunane brukar i liten grad verkemidla motsegn og klage for å hindre tap av verneverdige bygningar. Vidare blir det i liten grad tatt initiativ til å gjere vedtak om freding og mellombels freding av bygningar.

Saksbehandlinga i fredingssaker er lang og kulturminneforvaltninga har ei omfattande restanseliste. For freda bygningar viser undersøkinga at det er tydelege symptom på forfall og skade.

Undersøkinga viser vidare at det er uklart korleis ein skal forstå og følgje opp vedtektene i kulturminnelova om at alle samiske bygningar eldre enn 100 år, er automatisk freda. –Vi føreset at arbeidet med å avklare bruken av lova blir prioritert, seier Kosmo.

Miljøverndepartementet seier i sitt svar til Riksrevisjonens merknader at rapporten er komen på eit føremålsteneleg tidspunkt og at funna i undersøkinga vil danne eit viktig fundament for det vidare arbeidet.

Dokumentet kan hentast ved å følje lenka til høyre eller tingast frå Akademika bokhandel, tlf. 800 80 960/22 18 81 00.

Utsett offentligheit for dokument som er utarbeidd av eller til Riksrevisjonen i tilknyting til Dok. nr. 3:9 (2008–2009), jf. riksrevisjonslova § 18 andre leddet, vert oppheva.

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843