Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > Tilretteleggingsgarantien må brukast slik at fleire med nedsett funksjonsevne kan delta i arbeidslivet
Dokumentets forsideillustrasjon: Ører, briller, signaler, rullestol

Tilretteleggingsgarantien må brukast slik at fleire med nedsett funksjonsevne kan delta i arbeidslivet

Tilretteleggingsgarantien er lite brukt på landsbasis, og ordninga er i liten grad kjend blant arbeidsgivarar og arbeidstakarar. – Arbeids- og velferdsetaten bør følgje opp tilretteleggingsgarantien betre for å sikre ein riktig bruk av ordninga, slik at fleire personar med nedsett funksjonsevne kjem i jobb eller blir verande i jobb, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.
Publisert 11.06.2013 10:00

Dokument 3:9 (2012–2013) Riksrevisjonens undersøking av NAVs forvaltning av tilretteleggingsgarantien blei sendt Stortinget 11. juni 2013.

Tilretteleggingsgarantien vart innført for at fleire personar med nedsett funksjonsevne skulle kome i jobb eller blir verande i jobb. Formålet med ordninga var å gi tryggleik for at arbeidstakarar og arbeidsgivarar får den nødvendige hjelpa frå arbeids- og velferdsetaten som nedsett funksjonsevne krevjar i den konkrete arbeidssituasjonen.

Talet på inngåtte tilretteleggingsgarantiar var svært lågt frå ordninga blei landsdekkjande i 2008 til 2011. I 2008 vart det inngått 100 garantiar på landsbasis, medan det i 2011 vart inngått 716 garantiar. Innføringa av Jobbstrategi for personer med nedsatt funksjonsevne bidrog til større merksemd om tilretteleggingsgarantien i 2012, og til ein sterk auke i bruken av ordninga. Det vart da inngått 3563 tilretteleggingsgarantiar.

Det er likevel store forskjellar mellom fylka i bruken av ordninga. Det varierer både kor mange, og kva grupper av brukarar, som får ein tilretteleggingsgaranti. NAV-kontora nyttar ulike kriterium for å velje ut kva for nokre brukarar som ein skal tilby ein garanti, og det er store forskjellar mellom NAV-kontora når det gjeld korleis brukarar med tilretteleggingsgaranti blir følgde opp. Fem år etter at ordninga vart innført er det usikkerheit om innhaldet i ordninga og arbeidsmetodikken.

- Dette kan tyde på at innhaldet i ordninga ikkje har blitt klarlagt og formidla godt nok internt i etaten, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.

Da ordninga med tilretteleggingsgaranti blei landsomfattande blei det framheva at arbeids- og velferdsetaten skulle skape ei betre forståing blant arbeidsgivarar og arbeidstakarar av kva tilretteleggingsgarantien inneber av verkemiddel og hjelp for den enkelte brukaren. Arbeids- og velferdsetaten har i liten grad arbeidd systematisk med informasjon til potensielle brukarar av ordninga, og tilretteleggingsgarantien er lite kjend blant arbeidsgivarar og arbeidstakarar.

- Arbeids- og velferdsetaten må arbeide for å gjere ordninga betre kjend slik at personar med nedsett funksjonsevne kan få den hjelpa dei treng for å behalde eller kome i arbeid, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.

Arbeidsministeren finn det uheldig at det er registrert store fylkesvise variasjonar i bruk av tilretteleggingsgarantien og at det har vore problem med å gjere ordninga kjend ved NAV-kontora. Statsråden legg til grunn at arbeids- og velferdsetaten vil setje i verk tiltak for å klargjere innhaldet i ordninga og arbeide systematisk og målretta for å gjere ordninga betre kjend både ved NAV-kontora og blant brukarane av etaten. Statsråden opplyser at ei evaluering av tilretteleggingsgarantien inngår i ei pågåande evaluering av Jobbstrategi for personer med nedsatt funksjonsevne.

Dokumentet kan lastas ned gjennom lenka til høgre.

Offentlege institusjonar kan bestille dokumentet frå Departementas servicesenter, telefon 22 24 20 00, publikasjonsbestilling@dss.dep.no. Andre kan bestille dokumentet frå Fagbokforlaget, telefon 55 38 66 00, offpub@fagbokforlaget.no.

Utsett offentligheit for dokument som er utarbeida av eller til Riksrevisjonen i tilknyting til Dokument 3:9 (2012–2013) Riksrevisjonens undersøking av NAVs forvaltning av tilretteleggingsgarantien, jf. riksrevisjonsloven § 18 anna ledd, er oppheva.

 Relatert innhold

 Kontaktperson

Ekspedisjonssjef Therese Johnsen, tlf. 22 24 11 74, mobil 911 52 826

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843