Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > – I mange tunnelar er det ikkje gjennomført nødvendige tryggleikstiltak
Dokumentets forside-illustrasjon: Tunell, trafikklys, branbil, rapportar

– I mange tunnelar er det ikkje gjennomført nødvendige tryggleikstiltak

​Arbeidet med å betre tryggleiken i vegtunnelar har ikkje kome langt nok. – Det er sett i verk viktige oppgraderingar, men for mange tunnelar er tryggleiksdokumentasjonen framleis ikkje på plass og det blir ikkje gjennomført brannøvingar. Trafikantane har heller ikkje god nok kunnskap om sikker åtferd i tunnelar, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

Publisert 06.09.2016 10:00

Dokument 3:16 (2015–2016) Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til styresmaktene med å styrkje tryggleiken i vegtunnelar blei overlevert til Stortinget 6. september. Undersøkinga tar for seg korleis tryggleiken vert følgt opp i tråd med tunneltryggleiksforskriftene, innhald i risikoanalysar og beredskapsplanar, gjennomføring av øvingar og inspeksjonar, og informasjon til trafikantar om tryggleik i tunnelar.

Det er årleg i gjennomsnitt 1300 uønskte køyretøystopp, 25 brannar og 15 tilløp til brann i dei 1130 norske vegtunnelane. Riksrevisjonen har sett nærmare på tilhøva i 41 tunnelar som er vurderte som særleg risikoutsette. Undersøkinga viser at risikoanalysane for eit fleirtal av desse ikkje tar opp særskilde tilhøve og risikoar ved tunnelen.

– Utan gode risikovurderingar vil ein heller ikkje få godt nok grunnlag for å avgjere tryggleikstiltak som bør setjast i verk, eller for å utarbeide beredskaps- og innsatsplanar for tunnelar, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

Vidare har det i om lag halvparten av tunnelane i utvalet ikkje vore brannøving dei fire siste åra. Dette gjeld mellom anna sju undersjøiske tunnelar som gjennom risikoanalysar og faktiske hendingar er kjende for å ha langt fleire brannar enn andre tunnelar.

Informasjonen til trafikantane om åtferd ved køyring i tunnel, tryggleiksutstyr, bruk av dette og om sjølvredning er heller ikkje god nok.

– Undersøkinga viser at Statens vegvesen i altfor mange tilfelle ikkje har god nok oppfølging av tryggleiken, seier Foss.

Sentrale retningslinjer, rettleiarar og kvalitetssystem er anten ikkje utforma eller oppdaterte og gir ikkje tydelege føringar for arbeidet med risikoanalysar og beredskapsplanar i regionane. Vegdirektoratet har heller ikkje god nok informasjon for å følgje opp at tunnelar blir forvalta i tråd med lover og forskrifter.

Riksrevisjonen rår Samferdselsdepartementet til å sørgje for at Vegdirektoratet oppdaterer rammeverket for forvaltning av tryggleik i tunnelar, utviklar ein felles rettleiar for beredskapsplanar og følger opp forvaltninga i regionane. Vidare rår Riksrevisjonen til at direktoratet saman med naudetatane styrkjer kompetansen om brann og redning og set i verk vidare tiltak for å gi trafikantane betre kunnskap om sjølvredning og tryggleiksutstyr i vegtunnelar.

Dokumentet kan lastast ned gjennom lenka til høgre.

Offentlege institusjonar kan bestille dokumentet frå Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa, telefon 22 24 20 00, publikasjonsbestilling@dss.dep.no . Andre kan bestille dokumentet frå Fagbokforlaget, telefon 55 38 66 00, offpub@fagbokforlaget.no .

Utsett offentleggjering for dokument som er utarbeidde av eller til Riks¬revisjonen i tilknyting til Dokument 3:12 (2015–2016), jf. riksrevisjonslova § 18 andre ledd, blir oppheva.

 Kontaktpersonar

Ekspedisjonssjef Therese Johnsen, telefon 22 24 11 74, mobil 911 52 826
Kommunikasjonsrådgivar Susanne Berg-Hansen, mobil 959 33 834

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843