Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > Manglande gjennomføring av tiltak for å betre rettstryggleiken for dei som treng verje
Eldre mann holder annens hånd som ligger på skulderen hans. Foto: Shutterstock

Manglande gjennomføring av tiltak for å betre rettstryggleiken for dei som treng verje

​Verjemålsreforma skal betre rettsforholda for dei som treng verje, men problem med eit nytt saksbehandlingssystem har forseinka gjennomføringa av fleire sentrale tiltak.  – Det manglar retningslinjer, og det er for lite systematisk tilsyn og kontroll. Dette gjeld både frå Justis- og beredskapsdepartementet, Statens sivilrettsforvaltning og fylkesmennene si side, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

Publisert 27.02.2018 13:00

​Dokument 3:6 (2017–2018) Riksrevisjonens undersøking av korleis verjemålsreforma er sett i verk blei levert til Stortinget 27. februar.

Frå 1. juli 2013 tok staten, ved fylkesmennene, over det lokale ansvaret for verjetrengande. Per 1. januar 2017 hadde om lag 64 000 personar verje, og det var i overkant av 47 500 verjer og representantar. Fylkesmennene skal gi opplæring, rettleiing og støtte og føre tilsyn med verjene, og Statens sivilrettsforvaltning skal ha tilsyn med fylkesmennene.

Undersøkinga frå Riksrevisjonen viser at ikt-problem i utviklinga av eit saksbehandlingssystem har forseinka arbeidet med å gjennomføre verjemålsreforma. Statens sivilrettsforvaltning har prioritert arbeidet med eit nytt system framfor andre oppgåver. Eit fleirtal av fylkesmennene er ikkje nøgde med den faglege oppfølginga og har etterlyst betre nasjonale retningslinjer frå Statens sivilrettsforvaltning. Det gjeld mellom anna retningslinjer om føresetnader for samtykke frå verjetrengande om oppnemning av verje og om individuell tilpassing av forholda for verjetrengande.

– Problema med ikt-løysing held framleis att gjennomføringa av reforma. I tillegg til å løyse dette, må Justis- og beredskapsdepartementet og Statens sivilrettsforvaltning også sørgje for å utarbeide nødvendige retningslinjer og eit samla system for tilsynet med fylkesmennene, seier Foss.

Verjeoppdrag har ofte ei generell utforming. Dette kan gjera at verja får for vide fullmakter, og det kan svekkje rettstryggleiken for den verjetrengande. Riksrevisjonen ber derfor om at fylkesmennene dokumenterer vurderingane som ligg til grunn for individuell tilpassing, slik at mandata for verjeoppdraga ikkje blir meir omfattande enn nødvendig.

Fylkesmannen skal gjennom tilsyn styrkje rettstryggleiken for dei som treng verjer. Undersøkinga viser at fylkesmennene manglar ein einskapleg systematikk i tilsynet med verjer. Riksrevisjonen peiker på  at det må vurderast korleis dei kan betre tilsynet med verjeoppdrag og kontrollen med verjerekneskapar. Det blir ofte avdekt feil i slike rekneskapar. Det finst ikkje statistikk som viser kor mange verjer som er fråtekne oppdraget, og kva som er grunnlaget for dette.

– Det er både høgst ulik oppfølging av og lite kontroll av verjer, konstaterer Foss.

– Samla sett er verjemålsreforma ikkje følgd opp slik at ein har greidd å betre rettstryggleiken og forholda for dei som treng verjer, i ein slik grad det var forventa, konkluderer han.

Du finn samandrag av og kan lasta ned undersøkinga gjennom lenka til høgre.

Offentlege institusjonar kan bestille dokumentet frå Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa, telefon 22 24 20 00,
publikasjonsbestilling@dss.dep.no Andre kan bestille dokumentet frå Fagbokforlaget, telefon 55 38 66 00, offpub@fagbokforlaget.no

Utsett offentligheit for dokumenter som er utarbeidde av eller til Riksrevisjonen i tilknytning til Dokument 3:6 (2017−2018), jf. riksrevisjonslova § 18 andre ledd, er oppheva.

 Kontaktpersoner

​Ekspedisjonssjef Kristin Amundsen, tlf. 22 24 11 91, mobil 415 19 011 og kommunikasjonsrådgivar Stein Morch, tlf. 22 24 12 66, mobil 950 29 904

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843