Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > Mange årsaker til at statlege verksemder ikkje etterlever anskaffingsregelverket
Dokumentets forsideillustrasjon: Prislappkodestriper, tall, fly, skjerm, bygningskran, kontorarbeid

Mange årsaker til at statlege verksemder ikkje etterlever anskaffingsregelverket

Mange statlege verksemder manglar anskaffingskompetanse og kunnskap om regelverket. Få departement gjennomfører evalueringar av anskaffingspraksisen, og leiinga i underliggjande verksemder følgjer ikkje opp området godt nok. – Manglande etterleving av regelverket svekkjer tilliten til statsforvaltninga, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.
Publisert 15.02.2011 12:30
Dokument 3:6 (2010–2011) Riksrevisjonens undersøking av årsaker til at statlege verksemder ikkje etterlever regelverket for offentlege anskaffingar vart overlevert Stortinget 15. februar 2011.

Statlege verksemder bryt ofte regelverket for offentlege anskaffingar. Riksrevisjonens undersøking syner at dette blant anna skuldast svak innkjøpskompetanse, utilstrekkeleg leiingsforankring, mangelfull intern kontroll og lite formålstenleg organisering av innkjøpsarbeidet. I ei treårsperiode fann Riksrevisjonen til saman 1196 brot på regelverket i 616 enkeltsaker, og i meir enn halvparten av desse sakene vart det påvist manglande konkurranse. – Leiinga i desse verksemdene må sørge for at innkjøp byggjer på konkurranse, og at dette vert dokumentert, seier Kosmo.

Det er grunn til å tru at departementa ikkje har god nok informasjon om anskaffingsområdet i underliggjande etatar, blant anna fordi dei ikkje gjennomførar evalueringar av anskaffingspraksisen i desse verksemdene eller stiller krav om at praksisen følgjes opp. Undersøkinga viser at fagdepartementa må følgje opp tettare dei underliggjande etatane, med sikte på å førebyggje nye brot på regelverket. Anskaffingar er eit område med høg risiko for mislegheiter, som gjer det spesielt viktig at internkontrollen sikrar at krava i regelverket blir oppfylt. - 16 av 27 spurde verksemder opplyste at kjøp ikkje har blitt konkurranseutsett fordi ein kjende til leverandøren frå tidligare. Dette er alvorlege regelbrot, og fremmar verken likebehandling eller konkurranse, poengterer Kosmo.

Riksrevisjonen har i mange år rapportert til Stortinget om manglande etterleving av regelverket. Sjølv om dei enkelte verksemdene og departementa har eit ansvar for god anskaffingspraksis, må Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet i større grad arbeide med tiltak som kan bidra til å førebyggje brot på reglane og gi auka prioritet til arbeidet med å etablere eit meir påliteleg datagrunnlag for offentlege innkjøp. – Riksrevisorkollegiet vil elles peike på at låge beløpsgrenser kombinert med omfattande krav til gjennomføringa av offentlege anskaffingar kan vere ei medverkande årsak til manglande etterleving av regelverket, avsluttar Jørgen Kosmo.

Dokumentet kan lastast ned gjennom lenka til høgre. Offentlege institusjonar kan bestille dokumentet frå Servicesenteret for departementa på telefon 22 24 20 00 eller e-post publikasjonsbestilling@dss.dep.no. Andre kan bestille dokumentet frå Fagbokforlaget på telefon 55 38 66 00 eller e-post offpub@fagbokforlaget.no.

Den utsette offentlegheita for dokument som er utarbeidde av eller til Riksrevisjonen i tilknyting til Dokument 3:6 (2010–2011), blir oppheva, jf. riksrevisjonsloven § 18 andre ledd).

 Relatert innhold

 Kontaktperson

Ekspedisjonssjef Therese Johnsen
Telefon: 22 24 11 74/911 52 826

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843