Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Pressemeldinger > Utilfredstillande vedlikehald og sikring av kyrkjebygg

Utilfredstillande vedlikehald og sikring av kyrkjebygg

Staten og kommunane har dei siste fem åra auka innsatsen for istandsetting og sikring av norske kyrkjebygg. - Den auka innsatsen har gitt resultat, men framleis er eit stort tal kyrkjer prega av manglande vedlikehald og sikring, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.
Publisert 15.09.2011 12:00

Dokument 3:10 (2010–2011) Riksrevisjonens undersøking av vedlikehald og sikring av kyrkjebygg vart overlevert Stortinget 15. september 2011.

Undersøkinga viser at delen kyrkjer med til dels omfattande vedlikehaldsmanglar er redusert frå 48 til 37 prosent dei siste fem åra, men at det framleis er eit betydeleg antall kyrkjer som er prega av manglande vedlikehald. 586 kyrkjer er vurderte å ha utilfredsstillande tilstand. 60 prosent av desse, til saman 354 kyrkjer, er freda eller vurderte til å ha særleg verneverdi. – Det er uheldig at mange kyrkjer framleis er prega av dårleg vedlikehald. Spesielt beklageleg er det at så mange av dei eldste kyrkjene ikkje er tekne betre vare på, seier Kosmo.

Undersøkinga viser at brann- og tjuverisikring av kyrkjebygga i Noreg generelt sett har betra seg, men at 17 prosent av dei framleis er dårleg sikra. Manglande sikring kan føre til at uerstattelege kulturverdiar ikkje bli tekne vare på for ettertida.

Det er ei utfordring for kommunane å klare å drive eit jamt vedlikehald over tid. Samstundes som fleire kyrkjebygg er sett i stand dei siste fem åra, viser undersøkinga at tilstanden på mange kyrkjer i same periode ikkje er halden ved like. – Det er uheldig at det ikkje drivast eit jamt vedlikehald. Manglande regelmessig vedlikehald gjer ofte at istandsettinga og det ekstraordinære vedlikehaldet blir stadig meir kostnadskrevjande, seier Kosmo.

Staten har iverksatt et eige stavkyrkjeprogram for å setje alle stavkyrkjene i landet i god stand innan 2015. – Det er eit mål at alle freda kyrkjebygg skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020, og det bør difor vurderast målretta tiltak også for dei andre kyrkjene som er freda etter kulturminnelova, avsluttar Kosmo.

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet synest undersøkinga er relevant og nyttig i det vidare arbeidet på området. Ifølgje departementet går utviklinga i riktig retning, og mykje er gjort på kort tid. Departementet vedgår likevel at det dei seinaste åra er framkome kunnskap om at vedlikehaldet av mange kyrkjer over tid har vore for svakt.

Dokumentet kan lastast ned gjennom lenka til høgre. Offentlege institusjonar kan bestille dokumentet frå Servicesenteret for departementa på telefon 22 24 20 00 eller e-post publikasjonsbestilling@dss.dep.no. Andre kan bestille dokumentet frå Fagbokforlaget på telefon 55 38 66 00 eller e-post offpub@fagbokforlaget.no.

Den utsette offentlegheita for dokument som er utarbeidde av eller til Riksrevisjonen i tilknyting til Dokument 3:10 (2010–2011), blir oppheva, jf. riksrevisjonsloven § 18 andre ledd.

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843