Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Presserom > Nyheter > Riksrevisjonens melding om verksemda 2016

Riksrevisjonens melding om verksemda 2016

Riksrevisjonen har oversendt melding om verksemda i 2016 til Stortinget.
Publisert 02.06.2017 15:20

I 2016 feira Riksrevisjonen 200-årsjubileum. Riksrevisjonen blei etablert i 1816.
Utgangspunktet var den nye staten Noreg og Grunnlova av 1814. Denne fastslo at Stortinget skulle «udnævne fem Revisorer, der aarligen skulle gjennemsee Statens Regnskaber».

Ei bok om historia til Riksrevisjonen blei lansert 19. mai. I boka skildrar forfattarane Harald Espeli og Yngve Nilsen korleis Riksrevisjonen har utvikla seg frå å omfatte fem deltidsarbeidande revisorar og i lange periodar vere i ei bakevje overfor politikarar og
media, til å oppleve ei stordomstid etter 1990. I dag er Riksrevisjonen synleg i media og hovudleverandøren av saker til kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

I Riksrevisjonen er vi opptekne av å utføre samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte og levere revisjonar av høg kvalitet. I takt med at Riksrevisjonen blir meir synleg og får ein meir sentral posisjon, har det frå tid til anna komme kritikk mot arbeidet vårt.
For at vi skal kunne utvikle oss vidare og vere best mogleg rusta for framtida, er vi avhengige av også slike innspel og vurderingar frå eksterne aktørar. I samband med jubileet arrangerte vi derfor både seminaret Riksrevisjonen i framtiden i Oslo og debatten Riksrevisjonen på tiltalebenken under Arendalsuka.

Samanlikna med dei andre nordiske landa blir det forska relativt lite på Riksrevisjonen i Noreg. Vi skal no begynne å bruke eksterne forskarar til å gå gjennom og evaluere nokre av rapportane våre. Forskarane vil kunne sjå på den faglege kvaliteten i rapportane, inkludert relevansen i problemstillingane, samanhengen mellom revisjonskriterium, analyse og konklusjonar, og om konklusjonane er klare og forståelege. Eit slikt prosjekt – saman med evna til å ta innover oss tilbakemeldingar frå andre eksterne aktørar og tilpasse oss utviklinga i samfunnet – vil bidra til at vi kan gå inn i dei neste 200 åra som ein solid og velfungerande riksrevisjon.

Du kan laste ned Dokument 2 (2016-2017) Riksrevisjonens melding om verksemda i 2016 gjennom lenken til høyre.

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843