Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Rapporter > Riksrevisjonens undersøking av barnefattigdom
Dokumentets forsideillustrasjon: Glade venner, pil, brevikoner, søyler, ensomt barn

Riksrevisjonens undersøking av barnefattigdom

Dokument 3:11
Last ned dokument
Sammendrag

Bakgrunn og mål for undersøkinga

Målet med undersøkinga har vore å vurdere i kva grad statlege verkemiddel og tiltak som er sette i verk i kommunane, medverkar til å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Undersøkinga omfattar perioden 2002–2013.

Bakgrunnen for undersøkinga er at Stortinget fleire gonger har gitt uttrykk for at det er behov for å styrkje innsatsen mot fattigdom blant barn. Stortinget har vist til at barnefattigdom i Noreg i stor grad handlar om at barn opplever å vere stengde ute frå sosiale samanhengar på grunn av den økonomiske situasjonen til familien. Sidan 2002 har det vore fleire tiltaks- og handlingsplanar mot fattigdom. Samtidig har delen barn i låginntektsfamiliar auka. Det har forsterka behovet for verkemiddel retta mot økonomisk vanskelegstilte barn og unge.

Funn og tilrådingar

Funn:

  • Fleire barn veks opp i familiar med låginntekt.
  • Mange kommunar gjer for lite for at fattige barn skal kunne delta sosialt.
  • Den statlege innsatsen for å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge er ikkje godt nok koordinert.
  • Behova til barna blir ikkje godt nok kartlagde når foreldra søkjer om sosialhjelp.

Fakta om barnefattigdom i Noreg:

  • I 2012 var det 78 000 barn i familiar med vedvarande låginntekt
  • Delen har auka frå 5 prosent til 8 prosent i perioden 2002–2012
  • Delen av barn i låginntektsfamiliar som har innvandrarbakgrunn har auka frå 35 prosent i 2002 til 50 prosent i 2012
  • Av delen barn med einsleg forsørgjar, er det stadig fleire som veks opp i ein låginntektsfamilie

Figur: Utvikling i delen personar med vedvarande låginntekt i perioden 2002–2012 i befolkninga generelt, og barn 0–17 årRiksrevisjonen tilrår at Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

medverkar til å styrkje kommunane sitt arbeid med å etablere fleire og betre tiltak for å gi fattige barn og unge gode vilkår for sosial deltaking. Departementet bør til dømes vurdere:

  • korleis kommunen kan bruke kompetansen som IMDi har om barn og unge med innvandrarbakgrunn, i arbeidet sitt for å sikre at det er mogleg for alle barn og unge å delta i samfunnet
  • om meir kunnskap om gode løysingar og metodar kan hjelpe kommunane til å nå fram til fleire fattige barn og unge

medverkar til at innsatsen for å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge blir betre koordinert. Departementet bør til dømes vurdere om det saman med Arbeids- og sosialdepartementet kan:

  • medverke til større grad av samarbeid mellom direktorat som har oppgåver og verkemiddel retta mot utsette barn og unge
  • samordne og forenkle bruken av statlege tilskotsordningar
  • avklare i kva tilfelle ein skal bruke barnevernlova, og når ein skal bruke lov om sosiale tenester i NAV, når barn treng økonomisk støtte til fritidsaktivitetar
  • gjere meir synleg korleis bruken av statlege verkemiddel gir barn og unge betre moglegheiter for sosial deltaking
Omhandler følgende departement:

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843