Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Rapporter > Riksrevisjonens undersøking av digitalisering av kulturarven
Dokumentets forside-illustrasjon: Nettbrett i gamalt pergament (FOTO: Colorbox), rosemåling. Ikonar: usb, skjerm, mus, kamera

Riksrevisjonens undersøking av digitalisering av kulturarven

Dokument 3:4
Last ned dokument
Sammendrag

Bakgrunn og mål for undersøkinga

Samlingane i arkiv, bibliotek og museum er ein del av det felles nasjonale minnet vårt. Ved å digitalisere kulturarven kan ein ta vare på han for ettertida. Ein kan dessutan gjere han tilgjengeleg for og formidle han til folket utan at dei må oppsøkje samlingane fysisk. Stortinget har lagt til grunn at fellesskapen har eit ansvar for å sikre kjeldene for kommande generasjonar og å gi folket demokratisk tilgang til dei.

Målet med undersøkinga har vore å vurdere om styringa og verkemidla i arbeidet med digitalisering av kulturarven fremmar ei god måloppnåing.

Funn

Ein stor del av kulturarven er framleis ikkje digitalisert

Det har vore vekst i både kor mykje og kor stor del av materialet som er digitalisert, men det er berre Nasjonalbiblioteket som har ei framdrift som er i tråd med ambisjonane i digitaliseringsmeldinga. Arkivverket vil ikkje nå sin ambisjon om å digitalisere 10 prosent i overskodeleg framtid med den framdrifta dei har i dag. Samtidig er det heile 27 prosent av musea som meiner at det vil ta meir enn 20 år å komme à jour.

Figur: Sektordiagram som synar framdrift i digitaliseringa i hhv. Arkivverket, musea og Nasjonalbiblioteket

 

I arkiv- og museumssektoren er mykje av det digitaliserte materialet ikkje tilgjengelig for publikum

Berre om lag halvparten av det digitaliserte materialet i arkiv- og museumssektoren er gjort tilgjengelig for publikum. Det finst også eit stort potensial for å stimulere til bruk av den digitaliserte kulturarven som endå ikkje er utnytta.

Arkivverket og store delar av museumssektoren har ikkje prioritert digitaliseringsarbeidet slik det er føresett

Først i 2016 har Arkivverket utarbeidd eit overordna kriteriesett for prioritering, og dei interne planane har fram til 2016 hatt lite spesifikke og målbare mål for digitalisering. Over halvparten av musea manglar konkrete mål for kva resultat dei skal nå i sitt eige arbeid med digitalisering.

Departementet har i liten grad følgt opp digitaliseringsarbeidet

Undersøkinga viser at det er lite styring frå Kulturdepartementet på digitaliseringsområdet. Digitalisering er lite synleg i styringsdialogen, og det er få spor av at resultat blir vurderte eller følgde opp.

Handteringa av digitalt skapte arkiv er ikkje tilfredsstillande

Arkivverket har i liten grad oversikt over system i statleg sektor som produserer arkivverdig materiale. Meir enn 200 arkiv- og journalsystem i statleg sektor er ute av administrativ bruk og krev oppfølging omgåande for å sikre dokumentasjonen.

Det er ikkje etablert ei felles løysing for langtidslagring

Arkivverket og Nasjonalbiblioteket skulle samarbeide om felles langtidslagring som også kunne nyttas av musea. Da samarbeidet stranda i 2010, blei det ikkje tatt grep frå departementet si side for å sørgje for at felles langtidslagring blei realisert. Fråværet av felles løysingar gjer at dei fleste musea i dag manglar ei ordning for langtidslagring av det digitaliserte materialet sitt.

Tilrådingar

Kulturdepartementet bør styrkje mål- og resultatstyringa når det gjeld arbeidet med digitalisering av kulturarven

Riksrevisjonen tilrår at Kulturdepartementet

  • gjer det tydeleg kva for resultat ein skal oppnå i digitaliseringsarbeidet
  • vurderer korleis rapporteringa på området kan gi meir og betre informasjon om status og framdrift
  • følgjer opp resultatoppnåinga i underliggjande etatar
  • bidreg til å avklare og løyse problem som blir tekne opp i styringsdialogen, slik som spørsmålet om korleis ein skal handtere digitalt skapte arkiv
  • Kulturdepartementet bør sjå til at Arkivverket etablerer ei meir systematisk, heilskapleg og målretta verksemdsstyring for digitaliseringsarbeidet

    Kulturdepartementet bør leggje til rette for at Arkivverket og Nasjonalbiblioteket samarbeider om langtidslagring, og at også museumssektoren får ei løysing for dette

    Omhandler følgende departement:

    Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

    Telefon: +47 22 24 10 00

    Org.nr: 974 760 843