Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Rapporter > Riksrevisjonens undersøking av korleis Miljøverndepartementet varetek det nasjonale ansvaret sitt for freda og verneverdige bygningar
Dokumentets forsideillustrasjon: Trehus, koie, fyrhus

Riksrevisjonens undersøking av korleis Miljøverndepartementet varetek det nasjonale ansvaret sitt for freda og verneverdige bygningar

Dokument nr. 3:9
Last ned dokument
Sammendrag

Bakgrunn og mål for undersøkinga

Stortinget har vedteke at mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Innan 2020 skal det årlege tapet av verneverdige kulturminne minimaliserast, freda og fredningsverdige kulturminne skal vere sikra og ha et ordinært vedlikehaldsnivå, og eit representativt utval av kulturminne skal vere freda.

Målet med Riksrevisjonens undersøking har vore å vurdere om Miljøverndepartementet varetek sitt overordna nasjonale ansvar for å sikre at freda og verneverdige bygningar blir teke vare på slik at dei nasjonale måla på området kan bli nådd.

Metode

Undersøkinga byggjer på ein kombinasjon av intervju, spørjeskjemaundersøking, dokumentanalyse og kvantitative data. Det er gjennomført intervju med og innhente kvantitative data frå kulturminneforvaltninga og andre sentrale instansar. Dessutan er ein analyse av fredingsmassen,slik han er registrert i kulturminnedatabasen til forvaltninga og ei tilstandsregistrering av freda bygningar i kommunalt og fylkeskommunalt eige, gjennomført.

Resultat

Undersøkinga viser at Miljøverndepartementet ikkje følgjer godt nok opp sitt overordna nasjonale ansvar for verneverdige og freda bygningar.

Svakheitene som kjem fram i undersøkinga inneber at desse bygningane kan gå tapt, og at det er risiko for at dei nasjonale måla ikkje blir nådd innan 2020 som Stortinget har føresett. Stortinget framhevar at tap av kulturminne er tap av ikkje-fornybare ressursar, og følgjene på lang sikt er at samfunnet mistar viktige kjelder til kunnskap, opplevingar og identitet.

Miljøverndepartementet har ikkje tilstrekkeleg styringsinformasjon på bygningsvernområdet. Departementet og Riksantikvaren manglar informasjon om tap av verneverdige bygningar, om korleis fredingsmassen er samansett, tilstanden til freda bygningar og kva samiske bygningar som er automatisk freda. Departementet har dessutan manglande informasjon om korleis Riksantikvaren, Sametinget, fylkeskommunane og kommunane brukar sine verkemiddel.

Denne manglande styringsinformasjonen gjer at departementet ikkje har eit godt nok grunnlag for å vurdere om måla er nådd og for å kunne gi nødvendige styringssignal til forvaltninga. Dette inneber dermed stor risiko for at måla på området ikkje blir nådd.

Kulturminneforvaltninga nyttar vidare i liten grad dei tilgjengelege verkemidla i plan- og bygningslova og kulturminnelova. Mellom anna brukar Riksantikvaren og fylkeskommunaene i liten grad motsegn og klage for å hindre tap av verneverdige bygningar. Det blir i liten grad tatt initiativ til å gjere vedtak om freding og mellombels freding av bygningar. Dessutan har freda bygningar tydelege symptom på forfall og skade.

Undersøkinga viser at det er uklart korleis ein skal forstå og følgje opp vedtektene i kulturminnelova om at alle samiske bygningar eldre enn 100 år, er automatisk freda. Riksrevisjonen føreset at det blir gitt tilstrekkeleg prioritet til arbeidet med å avklare bruken av lova. Riksrevisjonen merkar seg at Miljøverndepartementet meiner at funna vil danne eit viktig fundament for det vidare arbeidet på bygningsvernområdet. Riksrevisjonen forventar at arbeidet blir gitt prioritet slik at måla kan bli nådd innan 2020 slik Stortinget har føresett.

Omhandler følgende departement:

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 6835 St. Olavs plass, 0130 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843