Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Rapporter > Riksrevisjonens undersøking av styresmaktene sitt arbeid for å auke talet på læreplassar
Illustrasjuon: Skolepulter, ambulansepersonell, tømrere, anleggsmaskin, ikt

Riksrevisjonens undersøking av styresmaktene sitt arbeid for å auke talet på læreplassar

Dokument 3:12
Last ned dokument
Sammendrag

Bakgrunn og mål for undersøkinga

Ei viktig årsak til at ungdom ikkje fullfører yrkesfagleg vidaregåande opplæring, er at dei ikkje får læreplass.Når ein elev ikkje får læreplass, inneber det eit stort ressurstap for eleven sjølv og for samfunnet.Stortinget har i fleire samanhengar understreka at det er eit mål å sikre flest mogleg elevar læreplass. I 2012 inngjekk styresmaktene og partane i arbeidslivet Samfunnskontrakten for fleire læreplassar. Avtalen inneheld blant anna mål om å auke talet på nye læreplassar med 20 prosent i perioden 2011–2015.

Målet med undersøkinga har vore å klarleggje kvifor mange søkjarar frå yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande skule ikkje får tilbod om læreplass. Undersøkinga omfattar hovudsakleg perioden 2011–2015.

Funn og tilrådingar

Prosentdelen søkjarar som får læreplass har gått ned etter 2011

Sidan 2011 er prosentdelen som får læreplass redusert frå 71 til 68. Nær 9100 søkjarar fekk ikkje læreplass i 2015.

Opplæringstilbodet og formidlinga av søkjarar er ikkje tilstrekkeleg tilpassa behovet for arbeidskraft

Mange fylkeskommunar legg ikkje stor nok vekt på rekrutteringsbehovet i arbeidslivet i dimensjoneringa av skuleplassar.

Forhold ved opplæringa i vidaregåande skule medverkar til at mange søkjarar ikkje får læreplass

Ein del søkjarar blir ikkje opplevde som kvalifiserte nok, blant anna på grunn av for lite praksisorientert opplæring og utdatert teknisk utstyr på skulane.

Lite kunnskap om bruk og verknad av lærekandidatordninga

Ordninga blir nytta svært ulikt av fylkeskommunane, når det gjeld både talet på lærekandidatar og kva kriterium som blir brukte for å velje ut søkjarane.

Potensialet for inntak av lærlingar i staten kan bli utnytta ytterlegare

Mange statlege verksemder synest å ha lite kunnskap om lærlingordninga.

Rekrutteringsbehovet i den enkelte verksemda er den viktigaste hindringa for å auke talet på læreplassar

Nasjonal verkemiddelbruk har ikkje medverka nok til å gjere inntak av lærlingar mindre avhengig av det kortsiktige rekrutteringsbehovet, som er spesielt viktig for private bedrifter.
Figur: Årsaker som medverkar til at private lærebedrifter ikkje tek inn fleire lærlingar.

Styresmaktene har ikkje prioritert arbeidet med å rekruttere nye lærebedrifter høgt nok

I mange fylke blir det ikkje drive eit tilstrekkeleg aktivt og systematisk arbeid for å rekruttere nye lærebedrifter.
Figur: Aktivitet i fylkeskommunane for å rekruttere nye lærebedrifter.

Riksrevisjonen rår til at Kunnskapsdepartementet

  • vurderer korleis verkemiddelbruken kan utviklast for å understøtte arbeidet i fylkeskommunane med dimensjonering av talet på skuleplassar i yrkesfagleg opplæring, formidling av søkjarar og oppfølging og rettleiing av lærebedrifter
  • vurderer verkemiddel og tiltak for å styrkje nasjonalt og fylkeskommunalt arbeid med å rekruttere nye lærebedrifter og for at lærebedriftene skal sjå seg tente med å ta inn fleire lærlingar
  • undersøkjer bruk og verknad av lærekandidatordninga

Riksrevisjonen rår til at Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • vurderer å styrkje arbeidet med å informere og rettleie statlege verksemder om lærlingordninga
  • jamleg følgjer opp utviklinga i bruken av lærlingordninga i staten
Omhandler følgende departement:

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 6835 St. Olavs plass, 0130 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843