Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Rapporter > Riksrevisjonens undersøking av forvaltninga av nasjonalparkar
Rapportens forsideillustrasjon. Kart, ørn, vann, fjell

Riksrevisjonens undersøking av forvaltninga av nasjonalparkar

Administrativ rapport 1 2014
Last ned dokument
Sammendrag

Bakgrunn for undersøkinga

Nasjonalparkar og andre naturvernområde skal sikre sårbare og trua naturtypar og ta vare på område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Stortinget vedtok i 1993 ein ny landsplan for nasjonalparkar og andre større verneområde i Noreg. Kommunal- og miljøkomiteen bad i innstillinga departementet om å komme tilbake til Stortinget med forslag til folkevald medverknad i forvaltninga. Bakgrunnen var tidlegare konfliktar mellom grunneigarar og kommunale myndigheiter på den eine sida og statleg naturforvaltning på den andre. Det blei gjennomført fire forsøk med lokal forvaltning i perioden frå 2001 til 2006. Stortinget vedtok hausten 2009 ein ny forvaltningsmodell som skal gi lokale folkevalde større råderett i forvaltninga av nasjonalparkane. Forvaltninga skal vere kunnskapsbasert, lokalt forankra og så einskapleg som mogleg. Eit interkommunalt nasjonalparkstyre skal sørgje for at verneområda blir heilskapleg forvalta på tvers av administrative grenser og innanfor ramma av naturmangfaldlova og verneforskrifta.

Sekretariatet for styret skal leggjast til ein nasjonalparkforvaltar. Forvaltaren blir tilsett av Fylkesmannen, men er underlagd styret i spørsmål som dreier seg om nasjonalparkforvaltninga. Fylkesmannen skal sjå til at forvaltninga er i samsvar med naturmangfaldlova og formålet med vernet, og har klagerett på vegner av staten. Klima- og miljødepartementet avgjer klagesakene.

Det første nasjonalparkstyret blei oppretta i 2010. Per 31. desember 2013 var det konstituert 27 nasjonalparkstyre for forvaltning av nasjonalparkar i Fastlands-Noreg. Etableringa av ein ny lokal forvaltningsmodell for nasjonalparkar er i sluttfasen, og målet med undersøkinga har vore å få svar på om den nye forvaltningsmodellen for nasjonalparkar fungerer i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader, og om det er etablert formålstenlege system for statleg rettleiing, dokumentasjon og kontroll.

Funn

Det går fram av undersøkinga at den nye forvaltningsmodellen med lokal forvaltning i hovudsak er sett i verk slik det var tenkt, og at modellen gir grunnlag for større lokal medverknad og betre samhandling lokalt i nasjonalparkforvaltninga. Ein lokal forvaltningsmodell bidreg også til at erfaringsbasert lokal kunnskap i større grad blir lagd til grunn for forvaltninga, mellom anna kunnskap om lokale samiske tradisjonar og interesser i nasjonalparkane. Det er enno tidleg å vurdere i kva grad forvaltningsmodellen vil ta vare på formåla over tid, men det at det er relativt få klagar frå fylkesmennene på vedtaka i nasjonalparkstyra, kan tyde på at forvaltningsmodellen sikrar verneformåla.

Det går fram av undersøkinga at vedtektene for nasjonalparkstyra, slik dei er fastsette av Klima- og miljødepartementet, ikkje er heilt i samsvar med stortingsvedtaket når det gjeld kven som skal nemne opp nasjonalparkstyra. Etter vedtektene er det Klima- og miljødepartementet som nemner opp styra etter innstilling frå kommunane, fylkestinget og Sametinget. Ved innføringa av forvaltningsmodellen vedtok Stortinget at forvaltninga av nasjonalparkane skulle skje gjennom interkommunale nasjonalparkstyre valde av kommunestyra. I tillegg skulle fylkestinget nemne opp ein representant for fylkeskommunen, og i område med samiske interesser skulle Sametinget nemne opp dei samiske representantane til styra. Konsekvensen kan vere at staten har tatt på seg eit ansvar som Stortinget ikkje hadde føresett. Klima- og miljødepartementet opplyser at dei vil orientere Stortinget om dette på ein eigna måte.

Undersøkinga viser at mange aktørar og tre nivå – nasjonalparkstyre, direktorat og departement – er involverte i forvaltninga av nasjonalparkane, og at finansieringa er oppdelt. Konsekvensane ser ut til å vere at forvaltninga av nasjonalparkane har blitt lite tids- og kostnadseffektiv.

Undersøkinga viser vidare at fylkesmennene har ulik tilnærming til oppfølginga av nasjonalparkstyra og nasjonalparkforvaltninga, og at det er ein del ulike oppfatningar av kva ansvar og oppgåver Fylkesmannen har i samband med nasjonalparkforvaltninga. Det er behov for at Klima- og miljødepartementet gjer det tydeleg kva rolle Fylkesmannen skal ha i forvaltninga, slik at det blir mindre variasjon mellom fylkesmennene i kva grad dei involverer seg i forvaltninga til nasjonalparkstyra. I tillegg viser undersøkinga at det kan vere behov for å klargjere instruksjonsmyndigheita og styringsretten som nasjonalparkstyret har overfor nasjonalparkforvaltarane.

Dei fagleg rådgivande utvala er ein viktig del av forvaltningsmodellen for å sikre lokal forankring, kompetanse, medverknad og samhandling i forvaltninga. Det går fram av undersøkinga at det er vanskeleg å få etablert fagleg rådgivande utval, at deltakinga på fleire møte har vore låg, og at Klima- og miljødepartementet bør gjere det tydeleg kva rolle utvala skal ha i forvaltninga.

Undersøkinga viser at klagesaksbehandlinga i gjennomsnitt tar litt over eitt år. Departementet erkjenner at behandlingstida er for lang i mange av klagesakene. Dei viser til at dei har valt å føre ei forsiktig linje, at dei er opptatte av å skape god presedens, at naturmangfaldlova er ny, og at enkelte delar av lova er juridisk krevjande. Klima- og miljødepartementet opplyser at dei arbeider for å få ned saksbehandlingstida i klagesakene.

Undersøkinga viser at nasjonalparkstyra og nasjonalparkforvaltarane får god oppfølging og rettleiing frå Miljødirektoratet. Undersøkinga viser vidare at oppfølginga av dei samiske representantane i nasjonalparkstyra kan bli betre, og at Klima- og miljødepartementet derfor bør vurdere å ta initiativ til ein forsterka dialog med Sametinget om korleis opplæringa og oppfølginga av dei samiske representantane i nasjonalparkstyra kan styrkjast.

Omhandler følgende departement:

 Administrativ rapport

​Administrative rapporter er forvaltningsrevisjonar som har funn av mindre alvorlig karakter og som ikkje blir behandla vidare i Stortinget. Dei blir sendt til kontroll- og konstitusjonskomiteen og dei involverte departementa til orientering.

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 6835 St. Olavs plass, 0130 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843