Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Rapporter > Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til styresmaktene for å nå måla om økologisk landbruk
Illustrasjon: Bondegård med grønnsaker, kuer, griser, traktor

Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til styresmaktene for å nå måla om økologisk landbruk

Dokument 3:7
Last ned dokument
Sammendrag

Bakgrunn og mål for undersøkinga

Stortinget har hatt mål for økologisk landbruk sidan 1999. Det gjeldande målet er at 15 prosent av produksjonen og forbruket skal vere økologisk i 2020. Hovudgrunngivinga for satsing på økologisk produksjon er at han tar ekstra miljøomsyn og gir betre dyrevelferd. Det er meint å vere ein spydspiss i arbeidet for å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og berekraftig. I tillegg bidreg det til eit større mangfald av produkt.

Målet med undersøkinga har vore å vurdere om Landbruks- og matdepartementet gjennom styring og verkemiddelbruk har lagt til rette for å nå måla om økologisk produksjon og forbruk. Det er henta inn statistikk for 2005–2014, og for enkelte verkemiddel er det henta inn data fram til november 2015.

Funn og tilrådingar

Utviklinga for økologisk produksjon og forbruk er ikkje i samsvar med måla frå Stortinget på området

  • Både den økologiske produksjonen og forbruket er langt frå måla, og utviklinga for produksjonen går i negativ retning.
  • I 2014 var 4,7 prosent av jordbruksarealet dyrka økologisk, og prosentdelen økologiske husdyr var 2,9. Prosentdelen økologiske matvarer i dagligvarehandelen utgjorde i 2014 1,45 prosent.

Riksrevisjonen rår til at Landbruks- og matdepartementet utarbeider ein oppdatert heilskapleg strategi for å nå måla om økologisk produksjon og forbruk.

Det økologiske regelverket er komplekst og uoversiktleg

  • Forenkling og eit føreseieleg regelverk vert framheva som viktig for at fleire skal leggje om til økologisk drift.
  • EU-regelverket frå 2009 er enno ikkje tatt inn i EØS-avtalen, og dette skapar uvisse om konkurransevilkår og krav.

Stimuleringstiltaka er ikkje nok for å auke den økologiske produksjonen

Bortfall av omleggingstilskotet, reduksjon av kraftfôrsatsane, auka kontrollgebyr og ikkje nye leveringsavtalar med meirpris for mjølk unntatt i nord, har samla sett gjort det vanskelegare å hindre fråfall og å rekruttere nye bønder til økologisk produksjon.

Riksrevisjonen rår til at Landbruks- og matdepartementet som part i jordbruksoppgjeret set i verk stimuleringstiltak som i større grad bidreg til å auke økologisk produksjon, sikre rekruttering og forhindre fråfall av økologiske primærprodusentar.

Den generiske marknadsføringa av økologisk mat er ikkje omfattande nok

Det er for lite merkenøytral (generisk) marknadsføring av økologisk mat for å nå ut til forbrukarar, distributørar, storhushald og daglegvarehandelen.

Riksrevisjonen rår til at Landbruks- og matdepartementet legg meir vekt på å bruke generisk marknadsføring og kunnskapsbasert informasjon om økologisk landbruk som verkemiddel for å auke forbruket av økologiske matvarer.

Styresmaktene har ikkje lagt godt nok til rette for å auke det offentlege forbruket av økologisk mat

  • Offentlege verksemder har få insentiv for å følgje opp forbruksmålet. Det er verken sett konkrete mål eller laga retningslinjer for å styrkje det offentlege forbruket av økologisk mat.
  • Det offentlege stiller i for liten grad krav om økologisk mat ved innkjøp.

Riksrevisjonen rår til at Landbruks- og matdepartementet tar ulike initiativ overfor andre departement og verksemder til auka innkjøp av økologisk mat i det offentlege. Dette vil kunne bidra til betre måloppnåing og til å gjere den økologiske marknaden meir føreseieleg og stabil.

Omhandler følgende departement:

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 6835 St. Olavs plass, 0130 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843