Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Rapporter > Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til styresmaktene med å styrkje tryggleiken i vegtunnelar
Dokumentet si forsideillustrasjon: Tunell, trafikklys, brannbil og rapportar

Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til styresmaktene med å styrkje tryggleiken i vegtunnelar

Dokument 3:16
Last ned dokument
Sammendrag

Bakgrunn og mål for undersøkinga

Samferdselsdepartementet har gjennom Statens vegvesen det overordna ansvaret for tryggleiken i norske vegtunnelar. I dei 1130 norske vegtunnelane blir det kvart år i gjennomsnitt registrert om lag 1300 uønskte køyretøystopp, 25 brannar og 15 tilløp til brann.

Undersøkinga tar for seg arbeidet til styresmaktene med tryggleiksforvaltning av vegtunnelar i perioden 2007–2015, basert på eit utval av 41 tunnelar som er vurderte som særleg risikoutsette. Det er sett på oppgradering av tunnelane i samsvar med tunneltryggleiksforskriftene, utarbeiding av og innhald i risikoanalysar og beredskapsplanar, gjennomføring av øvingar og inspeksjonar, og informasjon til trafikantar om tryggleik i tunnelar.

Funn og tilrådingar

Manglar i tryggleiksforvaltninga av tunnelar:

Risikoanalysar tar i for liten grad opp særskilde risikoar ved kvar enkelt tunnel

  • I eit fleirtal av dei risikoanalysane som er undersøkte, er det ikkje dokumentert og vurdert særskilde forhold ved tunnelane som kan påverke faren for uønskte hendingar. Fleire tunnelar manglar brannøvingar
  • I om lag halvparten av tunnelane i utvalet er det ikkje gjennomført brannøving – sju av desse er undersjøiske.

Tryggleiksforvaltninga er ikkje godt nok dokumentert

Manglande og mangelfull dokumentasjon av rutinar og prosedyrar og varierande bruk av forvaltnings-, drifts- og vedlikehaldssystemet PLANIA gjer det vanskeleg å ha ei systematisk tunnelforvaltning.

Vegdirektoratet har ikkje sikra at trafikantar får nok informasjon om sikker åtferd i tunnel

  • Vegdirektoratet har ikkje sikra at trafikantane får informasjon om korrekt åtferd ved køyring i tunnel, kva tryggleiksutstyr tunnelar har, eller kvifor det er viktig å bruke dette utstyret i naudssituasjonar.
  • Oppgradering vil betre tryggleiksutstyret i tunnelane, men nytta av dette er avhengig av at trafikantane har kunnskap om tiltaka og sjølvredning.

Overordna styresmakter har svak styring og oppfølging:

Vegdirektoratet har anten ikkje utforma eller oppdatert sentrale retningslinjer, rettleiarar og kvalitetssystemet

Sentrale handbøker og rettleiarar for tunnelforvaltning er ikkje oppdaterte og gir ikkje regionane tydelege føringar for arbeidet deira med risikoanalysar og beredskapsplanar.

Vegdirektoratet har ikkje god nok informasjon for å følgje opp at tunnelar blir forvalta i tråd med lover og forskrifter

  • Direktoratet får rapport om status for oppgraderingar, men har i liten grad informasjon som har med tryggleik og beredskap å gjere.
  • For 6 av dei 41 undersøkte tunnelane er det ikkje lagt fram dokumentasjon på at det er gjennomført periodiske inspeksjonar dei siste seks åra.

Oppgradering av tunnelar har kome svært kort

Som følgje av forskriftskrav skal både riks- og fylkesvegtunnelar oppgraderast fram mot 2019 og 2020. Viktige tryggleikstiltak vil ikkje vere på plass i alle tunnelane ved utløpet av fristane som er sette.

FigurVurderinga frå brann- og redningsvesena av om særskilde risikoar kjem tydeleg fram i risikoanalysen til kvar enkelt tunnel  

Figur: Gjennomførte øvingar i tunnel og/eller nærliggjande tunnel i perioden 2011–2015 

Riksrevisjonen rår til at Samferdselsdepartementet sørgjer for at Vegdirektoratet

  • bidreg til ei systematisk tryggleiksforvaltning av vegtunnelar ved å
    • oppdatere det faglege rammeverket for tryggleiksforvaltninga
    • utvikle ein felles rettleiar for beredskapsplanar
    • styrkje oppfølginga av forvaltninga i regionane
  • i samråd med naudetatane styrkjer kompetansen om brann og redning gjennom opplæring og brannøvingar, særleg i risikoutsette vegtunnelar
  • tar i bruk vidare tiltak for å styrkje kunnskapen til trafikantane om sjølvredning og tryggleiksutstyr i vegtunnelar
Omhandler følgende departement:

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843