Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Rapporter > Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til styresmaktene med å førebyggje flaum- og skredfare

Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til styresmaktene med å førebyggje flaum- og skredfare

Dokument 3:4
Last ned dokument
Sammendrag

Bakgrunn og mål for undersøkinga
Store delar av Noreg er utsett for flaum og skred. Farane kan auke med klimaendringar.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) - ein etat under Olje- og energidepartementet - har det nasjonale ansvaret for flaum- og skredarbeidet i Noreg. Miljøverndepartementet forvaltar plandelen i plan- og byggingslova. Etter naturskadelova og plan- og byggingslova har kommunane ansvar for å førebygge og sikre innbyggjarane mot flaum- og skredfare. Fylkesmennene skal kontrollere at dette er vurdert i arealplanlegginga i kommunane.

Målet med undersøkinga har vært å finne ut av: Kva for kartleggingar av flaum- og skredfare er gjennomførte, og korleis blir dei formidla til og nytta av kommunane? Korleis sørgjer styresmaktene på ulike nivå for at nasjonale målsetjingar på flaum- og skredområdet blir godt nok følgde opp?

Metode
Undersøkinga har brukt kartanalysar. Det er gjennomført spørjeundersøkingar til kommunar og fylkesmenn. Det er òg utført intervju og dokumentanalysar. Undersøkinga er gjennomført i perioden frå oktober 2008 til august 2009.

Resultat
Undersøkinga viser at det er varierande grad av nasjonal kartlegging av flaum- og kvikleireskredfare og aktsemdskartlegging av stein- og snøskred. Omlag 160 000 menneske bur i områder som ved utgangen av 2008 som var kartlagde som potensielt utsette for 200-årsflaum, kvikkleire eller skred. Det er om lag 66 000 bygningar i desse områda.

Det kjem fram at fylkesmenn og kommunar har tillit til flaumsonekarta, men at omfanget ikkje er tilstrekkeleg, og at fleire elvestrekningar og mindre vassdrag bør kartleggast.

Fleirtalet av kommunane, var ikkje klar over at dei hadde fått utarbeidd aktsemdskart for stein- og snøskred. Eit fleirtal av dei aktuelle fylkesmennene kjende ikkje heller til at det var utarbeidd aktsemdskart for kommunar i deira fylke. Dette viser at karta ikkje er godt nok formidla.

Store areal med marin avsetting som kan skjule kvikkleire, er ennå ikkje kartlagt. Kartlegginga av kvikkleire dekker dessutan ikkje strandavsetjingar eller område er mindre enn 10 dekar. Fleire fylkesmenn og mange kommunar meiner at karta må gjerast betre, mellom anna ved å inkludere areal som er mindre enn 10 dekar og område som kan bli råka av kvikkleireskred.

Klimaendringar kan auke faren for flom og skred. Ingen av dagens nasjonale kartleggingar tek omsyn til klimaendringar. Undersøkinga viser at fylkesmenn og kommunar ikkje veit korleis dei skal ta omsyn til klimaendringar i arbeidet med å avgrense flaum- og skredfare.

Manglande kunnskap til gjennomført kartlegging om flaum- og skredfare fører til at karta ikkje blir brukte i arealplanlegging og i analyser av risiko og sårbarheit. Bygningar kan dermed bli oppførde i utsette område.

Kommunar rettar seg i stor grad etter innspel om flaum- og skredfare frå fagetatar. Det kjem likevel fram i undersøkinga at fleire kommunar ikkje hadde god nok forståing av lovgrunnlaget og det ansvaret dei har. Mange av kommunane manglar kompetanse, og dei har heller ikkje fått den hjelpa dei har hatt bruk for av statlege etatar.

Manglande kjennskap til kart, sviktande kompetanse i bruk av dei og uviss ansvarsforståing i kommunane er etter Riksrevisjonens meining alvorleg og krev ein målretta og aktiv statleg innsats parallelt med oppbygginga av den nye etatsoppgåva i NVE.

Omhandler følgende departement:

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843