Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Rapporter > Riksrevisjonens undersøking av vedlikehald og sikring av kyrkjebygg
Dokumentets forsideillustrasjon: Stillas, stavkirke, murkirke, himmel, skyer

Riksrevisjonens undersøking av vedlikehald og sikring av kyrkjebygg

Dokument 3:10
Last ned dokument
Sammendrag

Bakgrunn og mål for undersøkinga

Det er både ei nasjonal og lokal oppgåve å ta vare på kyrkjebygga og dei verdiane dei representerer. Stortinget har uttalt at det er behov for tiltak for å betre istandsetjinga og sikringa av kyrkjebygg, og at det betydelege etterslepet i vedlikehaldet er ei utfordring som det hastar å finne løysingar for. Målet med undersøkinga har vore å vurdere arbeidet som styresmaktene gjer med å halde ved like og sikre kyrkjebygga.

Metode

I undersøkinga er det gjort dokumentanalyse og intervju, og tilgjengeleg statistikk er samanstilt og analysert. I tillegg er det gjort undersøkingar i fire utvalde kommunar for å illustrere dei utfordringane ein står føre når det gjeld vedlikehald og sikring av kyrkjebygg.

Revisjonen er avgrensa til perioden 2005–2010.

Resultat

Undersøkinga viser at vedlikehaldstilstanden på kyrkjebygga i Noreg er betra i perioden 2005–2010. Delen kyrkjer med tilfredsstillande tilstand har auka frå 52 til 63 prosent. Kyrkjebygga i Noreg er også betre sikra mot brann og tjuveri i 2010 enn i 2005. Totalt har delen kyrkjer med tilfredsstillande brann- og tjuverisikring auka frå 79 prosent i 2005/06 til 83 prosent i 2009/10. Statlige styresmakter har følgt opp dei sentrale føresetnadene frå Stortinget om å trappe opp arbeidet med vedlikehald og sikring av kyrkjebygga.

Sjølv om mange kyrkjer er haldne godt ved like og fungerer som soknekyrkjer, er tilstanden for mange av kyrkjene framleis prega av mangelfullt vedlikehald, og dei har eit betydeleg behov for å bli sette i stand. Etterslepet på vedlikehaldet for norske kyrkjebygg er berekna til å vere fleire milliardar kroner. 37 prosent av norske kyrkjebygg har framleis omfattande vedlikehaldsmanglar. Det tilsvarer 586 kyrkjer. Av desse er 60 prosent (354 kyrkjer) freda eller vurderte til å ha særleg verneverdi. Det er stor risiko for at dei freda kyrkjene ikkje vil ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020, slik Stortinget har forutsett.

17 prosent (266 kyrkjer) har per 2010 framleis manglar ved brann- og tjuverisikringa. Manglane er knytte til rømmingsvegar, brannvernsutstyr og brann- og innbrotsalarm. Halvparten av desse kyrkjene er freda eller er vurderte til å ha ein særleg verneverdi.

Undersøkinga viser at vedlikehaldstilstanden for ein stor del av kyrkjebygga ikkje er halden ved lag i åra mellom 2005/06 og 2009/10. Dette forfallet viser at kommunane i varierande grad har evne og vilje til å drive eit jamt vedlikehald. Når det planfaste vedlikehaldet blir forsømt, aukar ofte skadeomfanget. Undersøkinga indikerer at mangel på planar, ulik kompetanse og kapasitet, samt mangel på prioritering er tilhøve som kan vere med og forklare veikskapane knytte til vedlikehald og sikring av kyrkjebygg på lokalt nivå.

Rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg har stimulert kommunane til å auke vedlikehaldsinnsatsen for kyrkjebygga. I perioden frå 2005 til april 2011 er det gitt tilsegn om rentekompensasjon for 601 kyrkjer, fordelte på 255 kommunar. Tilstanden på kyrkjebygga i 2010 viser likevel at rentekompensasjonsordninga, i lag med dei andre statlege tiltaka, ikkje sikrar ein tilstrekkeleg vedlikehaldsinnsats.

Omhandler følgende departement:

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 6835 St. Olavs plass, 0130 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843