Hopp over båndkommandoer
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på
+ for å forstørre,
- for å forminske
eller 0 for å gå tilbake til standard tekststørrelse.
For mobilbrukere: bruk telefonens innebygde zoome-funksjonalitet.
Skip Navigation LinksHovedside > Rapporter > Prioriterte område
Ansatte samtaler i en korrider. Foto: Ilja Hendel

Vurderingar av prioriterte område for revisjon og framtidsutsikter for Riksrevisjonen

Det er viktig at Riksrevisjonen møter endringane og utviklinga i samfunnet på ein slik måte at vi, gjennom utnyttinga av mandatet vårt og utøvinga av oppgåvene våre, handterer den konstitusjonelle rolla vår som kontrollorgan for Stortinget på ein samfunnsnyttig måte.

Digitalisering

Tilgang til informasjon og mengda data aukar kraftig, og dette gir mellom anna store moglegheiter for å kople data for å få ny innsikt i korleis forvaltninga fungerer. Samtidig gir teknologien store moglegheiter for å effektivisere og tenkje nytt. Dette gir andre behov for kompetanse og større krav til kompetanse.

Teknologiutviklinga har stor verdi for kommunikasjonen og samhandlinga innanfor og mellom offentlege verksemder, i næringslivet og for innbyggjarane. Automatisering av saksbehandling, meir bruk av sjølvbetente løysingar og moglegheita for kommunikasjon mellom it-system vil ha innverknad på korleis offentlege oppgåver er organiserte og utforma. Utviklinga gir store moglegheiter og påverkar mellom anna også måten folk tileignar seg informasjon og nyheiter på. Samtidig utfordrar digitaliseringa spørsmål om kvalitet, overvaking, personvern, ikt-tryggleik og i kor stor grad det skal vere fri flyt av informasjon mellom sektorar og mellom land.

Kompleks og samansett styring og verkemiddelbruk i forvaltninga

Offentleg tenestetilbod og tenesteproduksjon blir stadig meir sektorovergripande – både innanfor forvaltningsnivå og mellom forvaltningsnivå. Utviklinga er prega av store sektorovergripande reformer og ulike strukturelle organisasjonsformer der vi mellom anna ser fleire selskapsdanningar og heil eller delvis privatisering. Det er venta eit større samarbeid mellom offentleg og privat sektor i tida framover. Offentleg forvaltning i Noreg blir også påverka av kva rammer og krav som blir stilte internasjonalt. Den komplekse og samansette forvaltninga stiller store krav til samhandling, samordning og styring.

Behov for større krav til risikovilje, gjennomføringsevne og handlekraft i offentleg leiing har komme tydeleg fram. Samtidig ser vi auka detaljstyring, auka regelstyring og aukande vekt på brukarrettar, som saman med ein hierarkisk modell for offentleg organisering kan utfordre ein ambisjon om meir overordna styring og større handlefridom for den utøvande styresmakta.

Strammare økonomiske rammer

Det økonomiske handlingsrommet i offentleg sektor vil gradvis bli redusert – ressurstilgangen blir redusert både gjennom bortfall av inntekter frå oljen og gjennom at prosentdelen yrkesaktive i befolkninga vil gå ned. Demografisk utvikling og demografiske forventningar gjer at vi framleis vil trenge fleire og betre offentlege tenester i framtida. Det vil seie at både offentleg forvaltning og dei noverande velferdsordningane vil komme under sterkt press.

I åra framover vil det bli retta meir merksemd mot moglege innsparingar i velferdsordningane, større målretting av overføringar og andre kostnadsdempande tiltak. Dette vil krevje sterkare prioritering av mål, mindre byråkrati og evne til å leggje ned gamle aktivitetar for å gi plass til nye. Det vil vere eit sterkt behov for skifte frå ressursøkonomi til kunnskapsøkonomi for å oppnå ny vekst, og eit behov for omstilling og innovasjon i tillegg til at det vil bli stilt store krav til ei effektiv forvaltning.

 Relatert innhald

Riksrevisjonen, Storgata 16, Postboks 8130 Dep, 0032 Oslo, Norway

Telefon: +47 22 24 10 00

Org.nr: 974 760 843