Nyttig samarbeid med kommunerevisjonen
Samarbeidet om undersøkinga av Helseplattforma i Midt-Noreg førte til at Stortinget fekk ein betre rapport enn om Riksrevisjonen hadde gjennomført undersøkinga åleine.
Av ekspedisjonssjef Annette Gohn-Hellum
Kommunerevisjonen og Riksrevisjonen kontrollerer og undersøkjer ulike forvaltningsnivå. Begge bidreg til å ta vare på og styrkje det norske demokratiet, og perspektiva våre utfyller kvarandre.
Oppmoda til samarbeid
I 2021 stilte den dåverande riksrevisoren Per-Kristian Foss dette spørsmålet i ein kronikk i Norsk kommunerevisjons medlemsblad:
«Kan vi samarbeide på nye måter og gi de folkevalgte et mer helhetlig bilde av hvordan vedtatt politikk følges opp og fungerer i praksis?»
Riksrevisjonen har eit par erfaringar frå samarbeidd med kommunerevisjonar for ein del år sidan. Det gjekk i stor grad ut på at vi undersøkte felles problemstillingar i statleg og kommunal sektor, men vi gjorde undersøkingane kvar for oss og rapporterte om dei samla funna.
Helseplattforma
Hausten 2024 fekk Stortinget sjå resultatet av eit tettare samarbeid enn vi nokon gong har gjennomført med ein kommunal revisjon, då vi leverte undersøkinga av Helseplattforma.
Helseplattforma er eit nytt felles system for pasientjournalar og ei samhandlingsløysing for kommunar, sjukehus, fastlegar og avtalespesialistar i Midt-Noreg.
Etter dei alvorlege feila som oppstod etter at Trondheim kommune og St. Olavs hospital tok systemet i bruk i 2022, vedtok Riksrevisjonen og Trondheim kommunerevisjon å setje i gang ei felles undersøking av kva problema kom av.
Konklusjonen var tydeleg: Innføringa av Helseplattforma har truga tryggleiken til pasientar i Midt-Noreg. Årsakene er samansette.
Ettersom vi rapporterer til ulike kontrollorgan, skreiv vi tre delrapportar: ein rapport frå undersøkinga til kommunerevisjonen, ein rapport frå undersøkinga til Riksrevisjonen undersøking og ein felles rapport som dekte problemstillingane vi hadde samarbeidd om. Saman gir dette eit breiare og betre kontrollgrunnlag.
Unik kompetanse
Arbeidet blei organisert med ei felles prosjektgruppe leidd frå Riksrevisjonen, med åtte medlemer – noko som er mykje større enn vanleg i dorvaltningsrevisjonar. Normalen er ei gruppe på tre.
For Riksrevisjonen var det avgjerande å kunne trekkje vekslar på den heilt unike kompetansen som kollegaene våre i kommunerevisjonen hadde om kommunen.
Dei har ein nærleik og kjennskap til kommunen vi ikkje kan ha, og dei hadde allereie kompetanse på data i kommunen. Dei hadde oversikt over alle prosessane som hadde gått føre seg i kommunen, og dei hadde enkel tilgang til dokument og sentrale personar vi burde snakke med. Det var svært nyttig.
Meirverdi
Spesielt samarbeidet om datainnsamlinga var verdifullt. Når to grupper med litt ulike perspektiv sit saman og intervjuar eller vurderer svar på spørjeundersøkingar, blir analysane betre. Dette gav ein stor meirverdi til revisjonen.
Særleg gjaldt dette problemstillingane om samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta og kostnadene til å gjennomføre prosjektet Helseplattforma.
Til dømes gjennomførte vi felles intervju for å kaste lys over samhandlinga, og det gav betre kvalitet på dataa enn om vi hadde gjort intervjua kvar for oss.
Kommunerevisjonen hadde data om kva det kosta å innføre Helseplattforma i Trondheim, noko som vi trong òg, og kommunerevisjonen tok på seg arbeidet med å hente inn kostnadsdata frå andre kommunar enn Trondheim.
Breiare perspektiv
Samarbeidet bidrog òg til nyttige refleksjonar rundt skilnadene på statleg og kommunal styring.
Riksrevisjonen kontrollerer statleg forvaltning. Konklusjonane våre legg derfor ofte vekt på det statlege perspektivet og verkemidla til staten.
Samarbeidet med kommunerevisjonen bidrog til diskusjonar om skilnaden på statlege og kommunale perspektiv og dilemma. Eit slikt breiare perspektiv opplevde vi som svært nyttig. Det gav oss òg større tryggleik for funn og vurderingar.
Betre revisjon til saman
Denne typen samarbeid krev tid og ressursar til førebuingar, avklaringar, analysar, drøfting av funn og rapportskriving. Desse ekstrakostnadene må i alle slike samarbeidsprosjekt vurderast opp mot nytten.
I dette prosjektet opplevde vi stor grad av meirverdi. Det førte til at vi kunne levere ein betre revisjon til Stortinget enn vi hadde klart åleine.