Innsikt: Vi må bruke kunnskapen frå periodiserte rekneskapar
Periodiserte rekneskapar bidreg til betre og redusert ressursbruk, men blir lite brukte i statleg forvaltning. Riksrevisjonen etterspør ein meir aktiv bruk av periodisert rekneskap i styringa.
Av riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
Då statsbudsjettet blei lagt fram hausten 2024, var det det fremste uttrykket for at den norske staten budsjetterer og fører rekneskapane sine etter kontantprinsippet.
Det vil seie at rekneskapen viser kor mange kroner staten brukar kvart år, og ikkje minst kor sterkt løyvingane og skattane til staten påverkar aktiviteten i økonomien.
Siktemålet er at staten skal kunne bruke finanspolitikken – bruke budsjettet – til å stabilisere utviklinga i norsk økonomi. Dersom det er låg aktivitet og stor arbeidsløyse, bør staten bruke noko meir. Er det høg aktivitet og låg arbeidsløyse, bør staten halde noko igjen.
Avgrensingar
Denne styringa har lang tradisjon i Noreg og har gjennomgåande gitt gode resultat. Derfor er det òg brei semje om at statsrekneskapen skal baserast på kontantprinsippet.
Men kontantprinsippet har nokre viktige avgrensingar. Dersom ein gjer ei investering som skal gi nytte over mange år, gjer kontantprinsippet likevel at heile utgifta blir rekneskapsført når betalinga skjer. I åra som følgjer, er ikkje kostnaden synleg i rekneskapen. Ein kontantrekneskap viser altså utgifter og inntekter når betalinga skjer, uavhengig av når aktiviteten blir gjennomført, og når ein har nytte av tiltaket.
Ein periodisert rekneskap viser påkomne kostnader og opptente inntekter i den perioden aktiviteten skjer i. Her kan ein balanseføre investeringa og så bruke avskrivingar til å fordele kostnadene over den levetida der tiltaket blir nytta.
Periodisering av rekneskapsinformasjonen gir derfor eit rettare bilete av korleis ei investering verkar. Det gir meir innsyn og meir transparens, slik at det blir lettare å samanlikne ressursbruk mellom ulike verksemder og frå år til år. Verdiane kjem tydelegare fram. Periodisering gir betre oversikt over ressursbruken over tid.
Det er derfor ein brukar periodiserte rekneskapar i private verksemder, der ein ikkje har det same behovet for å bidra til å stabilisere den samla økonomien i landet.
Dette er ei problemstilling som vil bli endå viktigare i åra framover av minst to grunnar.
Den eine er at teknologi blir stadig viktigare. Dersom ei investering i ei ny digital løysing skal ha nytte over ti år, gir det lite nytte å vurdere tiltaket ut frå at heile kostnaden kjem i eitt år.
Den andre grunnen er behovet for høgare produktivitet.
Behovet for høgare produktivitet
Perspektivmeldinga er heilt tydeleg på behovet for å utføre oppgåvene smartare. Ho viser behovet for høgare produktivitet i offentleg verksemd.
Periodiserte rekneskapar gir betre grunnlag for å måle produktiviteten over tid og for å samanlikne ulike verksemder. Dette er viktige årsaker til at ei rekkje statlege verksemder har teke i bruk periodiserte rekneskapar som eit tillegg til kontantrekneskapen, og at Finansdepartementet i 2021 fastsette at periodiserte rekneskapar etter det som blir kalla Statlege rekneskapsstandardar, forkorta SRS, skulle bli obligatorisk for alle statlege verksemder, med ein innføringsperiode på fem år. Dette kjem i tillegg til rekneskapen basert på kontantprinsippet.
Alle dei nordiske nabolanda våre og dei fleste EU-land har allereie teke i bruk eller er i ferd med å ta i bruk periodiserte rekneskapar. Det ser ut til å vere vanleg at dei landa som baserer seg på eitt av prinsippa, supplerer med det andre.
Då Finansdepartementet i budsjettet for 2017 drøfta innføring av slike felles rekneskapsstandardar, blei det berekna at innføringskostnadene kunne bli opp mot 160 millionar kroner, og at dei årlege driftskostnadene vil vere på meir enn 50 millionar kroner.
Bør takast i bruk av fleire
Mange av departementa var skeptiske til ei slik innføring. Riksrevisjonen meiner at det å innføre dei nye standardane for periodiserte rekneskapar vil gi svært nyttig styringsinformasjon både for verksemdene og i etatsstyringa. Det vil gi informasjon om kva offentlege tenester faktisk kostar, og kva som blir økonomiske forpliktingar i framtida.
Riksrevisjonen meiner derfor at dei nye standardane bør takast i bruk snarast mogleg som eit supplement til kontantprinsippet. Informasjonen bør nyttast aktivt for å gi innsikt i kostnader knytte til ulike aktivitetar og tenester, og med dette leggje til rette for meir effektiv ressursbruk.
Bruk av informasjonen som ein periodisert rekneskap gir, vil gjere det enklare å identifisere område der det er rom for forbetringar eller innsparingar.
Men i møta våre med reviderte verksemder og i den innsikta vi har om dialogen mellom departementa og verksemdene, ser vi at informasjonen frå
dei periodiserte rekneskapane i liten grad blir brukt. Det gjeld òg i verksemder som har rapportert etter SRS over fleire år.
Staten går glipp av informasjon
Ved utgangen av 2023 rapporterte 84 av 235 statlege rekneskapar etter SRS. Dersom ikkje etats- og verksemdsstyringa blir oppdatert for å dra nytte av informasjonen som ligg i dei periodiserte verksemdsrekneskapane, vil staten ha investert i eit omfattande og til dels kostnadskrevjande tiltak utan at det har gitt noka avkastning som bidrag til betre ressursbruk og produktivitet.
Men endå viktigare: Då går staten glipp av viktig informasjon som kan gi betre innsikt i kva offentlege tenester faktisk kostar, og bidra til både betre og mindre ressursbruk. Og er det noko Riksrevisjonen ser behov for, er det nettopp å bruke ressursane betre, slik at vi kan frigjere pengar og personell som kan bidra til den framtidige veksten i helse- og omsorgstenestene til eit aukande tal på eldre.
Det er derfor viktig at innføringa av periodiserte rekneskapar ikkje berre blir sett på som ei teknisk oppgåve, men blir brukt aktivt i leiing og avgjerdstaking.
Vi har innført periodiserte rekneskapar. Det gir svært nyttig informasjon.
Dei kan bidra til betre og redusert ressursbruk. Det er vi avhengige av for å kunne handtere utfordringane i framtida.
Men då må vi ta dei i bruk.