Hopp til hovedinnhold
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster

Forvaltningsrevisjon / Dokument 3 Elevars grunnleggjande ferdigheiter

Vi undersøkjer i kva grad staten bidreg til at grunnskulen gir elevane tilfredsstillande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning. Vi reknar med at rapporten er klar sommaren 2026.

Alle elevar som går ut av grunnskulen, skal meistra grunnleggjande ferdigheiter som gjer dei i stand til å delta i vidare utdanning og arbeidsliv. Dette målet forpliktar heile sektoren og er deira felles ansvar.

Me ser på følgjande problemstillingar:

  • Er elevars meistring i lesing, skriving og rekning i samsvar med Stortingets mål for grunnleggjande ferdigheiter?
  • Legg Kunnskapsdepartementet gjennom verkemidla sine til rette for tilfredsstillande opplæring i lesing, skriving og rekning?

Avgrensing

Vi undersøkjer perioden frå og med innføring av Kunnskapsløftet i 2006 til og med 2025.

Me ser på tre av dei fem grunnleggjande ferdigheitene; lesing, skriving og rekning.

Kommande rapportar

Undersøkingane våre er omfatta av reglar for utsett offentlegheit. Det vil seia at me ikkje kan seia noko om innhaldet i undersøkinga før den er overlevert til Stortinget.

Kategorier: Utdanning/forskning

Spørsmål?

Bilde av Sissel Elisabet Helminsen

Sissel Elisabet Helminsen

Kommunikasjonsrådgiver

977 27 237 seh@riksrevisjonen.no