Hopp til hovedinnhold

Dokument 3:11 (2007–2008) / Offentliggjort Undersøking av behandling og oppfølging av Vik-brevet i Kommunal- og regionaldepartementet (Terra-saka)

Ein kan reise spørsmål ved om den samla interne kontrollen i departementet er tilfredsstillande ved behandling, kvalitetssikring, oppfølging og prioritering av kommunaløkonomiske saker som har prinsipiell karakter.

Funn

  • Kvalitetssikringa til Kommunal- og regionaldepartementet i samband med
    Vik-brevet var mangelfull. Saka var prinsipiell og burde ha vore behandla på eit høgare nivå i departementet. Departementet gjekk heller ikkje
    grundig nok inn i saksopplysningane i 2002.
  • Oppfølginga av Vik-brevet burde ha vore sett i gang tidlegare.
  • Departementet gjorde nye vurderingar av Vik-saka i 2006 som viste at avgjerda i Vik-brevet i 2002 vart teken på feil grunnlag.
  • I departementet si kommunalavdeling er det ein høgare terskel for å leggje saker fram for ekspedisjonssjefen når departementet er samd med kommunane, enn i saker der departementet går imot kommunane. 
Kategorier: Offentlig forvaltning