Hopp til hovedinnhold

3:16 (2008–2009) / Offentliggjort Undersøking av drift og vedlikehald av vegnettet

Gjennom dei kontraktvise evalueringane av drifts- og vedlikehaldsarbeidet som entreprenørane gjer, er det påvist mangelfull utføring. Det gjeld både vinterdrift, punktlegskap og kvalitet på levert produkt.

Kvaliteten på drifta av vegnettet

  • Ein gjennomgang av evalueringsskjema for vintersesongen 2007/2008 og sommarsesongen 2008 viser at det for om lag halvparten av kontraktane er mangelfull utføring av drifts- og vedlikehaldsarbeidet.
  • For drift av grøntareal og skråningar, rasteplassar og lysanlegg var det mindre avvik.

Styringa og oppfølginga av drift og vedlikehald av vegnettet

  • Mangelfull rapportering om driftstilstanden på vegnettet
  • Mangelfull styring og oversikt over driftstilstanden på vegnettet
  • Manglande evalueringar av eit område med store styringsutfordringar
  • Lågt kontrollnivå i mange kontraktar og mangelfull oppfølging
  • Økonomiske sanksjonar: ulik praksis, lite omfang og manglande styringsinformasjon
  • Manglar ved rapportering frå entreprenørar
  • Svak konkurranse på entreprenørmarknaden
Kategorier: Samferdsel