Hopp til hovedinnhold

3:9 (2008-2009) / Offentliggjort Undersøking av korleis Miljøverndepartementet varetek det nasjonale ansvaret sitt for freda og verneverdige bygningar

Det er stor risiko for at verne- og fredingsverdige bygningar går tapt.

Det er vesentlege svakheiter i korleis Miljøverndepartementet varetek sitt overordna nasjonale ansvar for freda og verneverdige bygningar. Undersøkinga viser:

  • Manglande bruk av verkemiddel i plan- og bygningslova for å hindre tap av bygningar
  • Lite bruk av freding som verkemiddel for å sikre eit representativt utval bygningar
  • Mangelfull informasjon om teknisk tilstand til freda bygningar
  • Det er uklart korleis ein skal forstå og følgje opp vedtektene i kulturminnelova om at alle samiske bygningar eldre enn 100 år, automatisk er freda.
Kategorier: Kultur