Dokument 3:17 (2025–2026) / Offentliggjort Kunnskapsdepartementet sitt arbeid for å styrkje lese-, skrive- og rekneferdigheitene hos elevane
Trass i ei langvarig satsing og høg prioritet frå Stortinget, har svært mange elevar svake grunnleggjande ferdigheiter etter grunnskulen.
-
(PDF, 2,8 MB)
Last ned fullversjon
- Stortinget har over tid hatt høge ambisjonar for dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane.
- Kunnskapsdepartementet har gjennomført mange tiltak for å leggje til rette for ei opplæring som styrkjer lese-, skrive- og rekneferdigheitene.
- Likevel går ein stor andel av elevane ut av grunnskulen utan tilstrekkelege ferdigheiter til å lese, skrive og rekne.
Overordna vurdering
-
Ikkje tilfredsstillande
-
Kritikkverdig
-
Sterkt kritikkverdig
- Det er kritikkverdig at norsk skule har ikkje har utrusta fleire elevar med gode grunnleggjande ferdigheiter.
- Svakheitene ved styringa til Kunnskapsdepartementet aukar risikoen for at kommunane og lærarane ikkje har statlege rammer for opplæringa som bidreg effektivt til å styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene. Dette er kritikkverdig.
Konklusjonar
Urovekkjande mange elevar har svake grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning
- Kunnskapsdepartementet og kommunane har ikkje lykkast med å redusere andelen elevar med svake lese-, skrive- og rekneferdigheiter. Andelen har auka kraftig sidan 2015.
- PISA-kartlegginga: Andelen elevar som i 2022 har lese- og rekneferdigheiter på lågaste meistringsnivå, er 12 til 14 prosentpoeng høgare enn i 2015.
- Eit fleirtal av erfarne rektorar og andre skuleleiarar opplever at også skriveferdigheitene heller ikkje har blitt betre enn for ti år sidan, og at skilnadene mellom elevane sine skriveferdigheiter har auka.
- Uavhengig av pandemien og kartlegginga frå 2022 har andelen elevar med svake ferdigheiter i Noreg vore høg over tid.
Figur: Utviklinga i elevane sitt meistringsnivå på slutten av grunnskulen

Kjelde: PISA-kartlegginga
Staten og kommunane har ikkje lykkast med å motverke at norsk skule er ein del av ei negativ internasjonal utvikling, og lese- og rekneferdigheitene til elevane er meir svekte i Noreg enn i samanliknbare land
- Noreg hadde i PISA-undersøkinga i 2022 ein høgare andel av elevar på lågaste meistringsnivå i både lesing og matematikk enn dei andre nordiske landa, Estland og gjennomsnittet av OECD-land. Noreg hadde òg den høgaste andelen på lågaste meistringsnivå av desse landa i 2006, da norsk skule fekk satsinga på grunnleggjande ferdigheiter.
- Frå 2009 til 2018 var andelen i Noreg lågare enn OECD-gjennomsnittet. Elevar i OECD-landa har i gjennomsnitt òg hatt ei negativ utvikling i lesing og matematikk dei siste ti åra, men andelen har auka meir i Noreg enn nabolanda og OECD-gjennomsnittet.
- Det er ikkje teikn til at estiske, svenske eller danske styresmakter har ei vesentleg meir systematisk satsing på å utvikle elevane sine lese-, skrive- og rekneferdigheiter enn norske styresmakter har.
- Samstundes er det få andre land som bruker meir pengar på utdanning enn Noreg, ifølgje Kunnskapsdepartementet og OECD.
Figur: Andelen elevar i Noreg og samanliknbare land som har svake lese- og rekneferdigheiter på slutten av grunnskulen

Kjelde: Pisa-kartlegginga
Sjølv om Kunnskapsdepartementet har mange evalueringar og tilgang til mykje forsking, manglar det informasjon om i kva grad statlege verkemiddel har bidrege til å styrkje grunnleggjande ferdigheiter
- Læreplanverket: Kunnskapsdepartementet manglar tilstrekkeleg informasjon om aukane i timetal og endringane gjennom Fagfornyinga har styrkt opplæringa i grunnleggjande ferdigheiter.
- Tilpassa opplæring: Departementet burde ha sikra seg meir informasjon om korleis dei ulike tiltaka for tilpassa opplæring bidreg til å styrkje opplæringa i lesing, skriving og rekning.
- Departementet manglar informasjon til å drive krav, rettleiing og tilbod om etter- og vidareutdanning vidare fram slik at skulen kan styrkje elevane sine lese-, skrive- og rekneferdigheiter.
- Trass i at det finst mykje utdanningsforsking, manglar departementet informasjon om korleis tiltaka for å styrkje elevane sine lese-, skrive- og rekneferdigheiter verkar saman.
Kunnskapsdepartementet har informasjon om svakheiter i lærarnorma og nasjonale prøver, men har i liten grad teke initiativ til å forbetre desse
Lærarnorma
- Stortinget vedtok i 2018 kva lærarnorma skulle vere og la da vekt på at Kunnskapsdepartementet skulle evaluere norma undervegs.
- Lærarnorma er grundig evaluert, og departementet har fått tilrådingar frå både opplæringslovutvalet og kommunekommisjonen. Sluttrapporten frå evalueringsprogrammet for lærarnorma kom i 2022.
- Sluttrapporten kom fram til at norma ikkje hadde endra trivselen og læringa til elevane, og at dette samsvarte med tidlegare forsking. Det kom også fram at lærarar opplever at lærartettleiken er viktig for klasseleiinga deira norma og at norma har hatt størst effekt som bemanningsnorm på skular som har færre sosiale og faglege utfordringar.
- Fleirtalet i kommunekommisjonen vurderte at norma burde opphevast eller flyttast frå skule- til kommunenivå, mens Opplæringslovutvalet tilrådde i 2019 å bruke midlane som gjekk til å finansiere lærarnorma, meir målretta på tiltak som gav betre tilpassa opplæring.
Nasjonale prøver
- Informasjonen frå nasjonale prøver speler ei sentral rolle for å gjere kommunane, skulane og lærarane i stand til å ta et auka ansvar for å gi god og tilpassa opplæring og styrkje elevane sine grunnleggjande ferdigheiter.
- Eit tydeleg funn i evalueringar av nasjonale prøver er at informasjonen har hatt avgrensa nytte for lærarane i arbeidet med å gi elevane meir tilpassa opplæring. Kunnskapsdepartementet har hatt feil styringsinformasjon frå nasjonale prøver i perioden der internasjonale kartleggingar har vist at det har vore ei negativ utvikling i elevane sine lese- og rekneferdigheiter, som kan ha bidrege til at den negative utviklinga har blitt undervurdert.
- Kunnskapsdepartementet har brukt mange år på å komme fram til at det er nødvendig å leggje om kartlegginga av nasjonale prøver, men vurderte i praktisk skule-meldinga frå 2024 at dei ville utvikle læringsstøttande prøver i lesing og matematikk. Det er ikkje avklart korleis kommunar og staten skal få styringsinformasjon.
Tilrådingar
Vi tilrår at Kunnskapsdepartementet styrkjer den systematiske satsinga på grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning gjennom i større grad å
- sørgje for målretta evalueringar og forskingsprogram som i større grad enn i dag gir informasjon om kor langt og korleis verkemidla er tekne i bruk lokalt og om kva bruk som gir best resultat
- sørgje for at relevant forskingsbasert kunnskap om undervising, læring og god praksis blir formidla slik at kunnskapen når heilt ut i klasserommet
- undersøkje kva effektar endringar i statlege verkemiddel har på læring
- forbetre dei statlege verkemidla som legg til rette for at kommunane og lærarane kan gjere reelle endringar i opplæringa, der departementet har god informasjon om svakheiter ved dei statlege verkemidla
- gjere større og heilskaplege vurderingar av korleis departementet innrettar sentrale statlege verkemiddel, for å arbeide meir systematisk med dei mest sentrale måla for skulesektoren
Til behandling i Stortinget
Følg saka på storinget.noSpørsmål?