Hopp til hovedinnhold

Dokument 3:1 (2010–2011) / Offentliggjort Undersøking av vedlikehald og sikring av kyrkjebygg

Staten og kommunane har dei siste fem åra auka innsatsen for istandsetting og sikring av norske kyrkjebygg. Den auka innsatsen har gitt resultat, men framleis er eit stort tal kyrkjer prega av manglande vedlikehald og sikring.

  • Undersøkinga viser at vedlikehaldstilstanden på kyrkjebygga i Noreg er betra i perioden 2005–2010.
  • Etterslepet på vedlikehaldet for norske kyrkjebygg er berekna til å vere fleire milliardar kroner. 37 prosent av norske kyrkjebygg har framleis omfattande vedlikehaldsmanglar. Det tilsvarer 586 kyrkjer. Av desse er 60 prosent (354 kyrkjer) freda eller vurderte til å ha særleg verneverdi.
  • 17 prosent (266 kyrkjer) har per 2010 framleis manglar ved brann- og
    tjuverisikringa.
  • Forfallet viser at kommunane i varierande grad har evne og vilje til å drive eit jamt vedlikehald. Når det planfaste vedlikehaldet blir forsømt, aukar ofte skadeomfanget.
  • Tilstanden på kyrkjebygga i 2010 viser at  rentekompensasjonsordninga, i lag med dei andre statlege tiltaka,  ikkje sikrar ein tilstrekkeleg vedlikehaldsinnsats.

Stortinget har ferdigbehandla saken

Vi leverte undersøkinga til Stortinget 15. september 2011. Dei handsama ho 28. november.

Les meir på stortinget.no
Kategorier: Kultur