Hopp til hovedinnhold

Dokument 3:16 (2015–2016) / Offentliggjort Undersøking av arbeidet til styresmaktene med å styrkje tryggleiken i vegtunnelar

Arbeidet med å betre tryggleiken i vegtunnelar har ikkje kome langt nok. For mange tunnelar er tryggleiksdokumentasjonen framleis ikkje på plass og det blir ikkje gjennomført brannøvingar. Trafikantane har heller ikkje god nok kunnskap om sikker åtferd i tunnelar.

Funn og tilrådingar

Manglar i tryggleiksforvaltninga av tunnelar

  • I eit fleirtal av dei risikoanalysane som er undersøkte, er det ikkje dokumentert og vurdert særskilde forhold ved tunnelane som kan påverke faren for uønskte hendingar.
  • I om lag halvparten av tunnelane i utvalet er det ikkje gjennomført brannøving – sju av desse er undersjøiske.

Tryggleiksforvaltninga er ikkje godt nok dokumentert

  • Dokumentasjon av rutinar og prosedyrar er manglande og mangelfull, og bruken av av forvaltnings-, drifts- og vedlikehaldssystemet PLANIA varierer.
  • Dette gjer det vanskeleg å ha ei systematisk tunnelforvaltning.

Vegdirektoratet har ikkje sikra at trafikantar får nok informasjon om sikker åtferd i tunnel

  • Vegdirektoratet har ikkje sikra at trafikantane får informasjon om korrekt åtferd ved køyring i tunnel, kva tryggleiksutstyr tunnelar har, eller kvifor det er viktig å bruke dette utstyret i naudssituasjonar.
  • Oppgradering vil betre tryggleiksutstyret i tunnelane, men nytta av dette er avhengig av at trafikantane har kunnskap om tiltaka og sjølvredning.

Overordna styresmakter har svak styring og oppfølging

  • Vegdirektoratet har anten ikkje utforma eller oppdatert sentrale retningslinjer, rettleiarar og kvalitetssystemet.
  • Vegdirektoratet har ikkje god nok informasjon for å følgje opp at tunnelar blir forvalta i tråd med lover og forskrifter.
  • Oppgradering av tunnelar har kome svært kort. 

Tilrådingar

Riksrevisjonen rår til at Samferdselsdepartementet sørgjer for at Vegdirektoratet

  • bidreg til ei systematisk tryggleiksforvaltning av vegtunnelar ved å oppdatere det faglege rammeverket for tryggleiksforvaltninga, utvikle ein felles rettleiar for beredskapsplanar og styrkje oppfølginga av forvaltninga i regionane
  • i samråd med naudetatane styrkjer kompetansen om brann og redning gjennom opplæring og brannøvingar, særleg i risikoutsette vegtunnelar
  • tar i bruk vidare tiltak for å styrkje kunnskapen til trafikantane om sjølvredning og tryggleiksutstyr i vegtunnelar

Bakgrunn og mål for undersøkinga

Samferdselsdepartementet har gjennom Statens vegvesen det overordna ansvaret for tryggleiken i norske vegtunnelar. I dei 1130 norske vegtunnelane blir det kvart år i gjennomsnitt registrert om lag 1300 uønskte køyretøystopp, 25 brannar og 15 tilløp til brann.

Undersøkinga tar for seg arbeidet til styresmaktene med tryggleiksforvaltning av vegtunnelar i perioden 2007–2015, basert på eit utval av 41 tunnelar som er vurderte som særleg risikoutsette. Det er sett på oppgradering av tunnelane i samsvar med tunneltryggleiksforskriftene, utarbeiding av og innhald i risikoanalysar og beredskapsplanar, gjennomføring av øvingar og inspeksjonar, og informasjon til trafikantar om tryggleik i tunnelar.

Denne saken er ferdigbehandlet av Stortinget

Saken ble behandlet i Stortinget 9. februar 2017.

Les mer på stortinget.no

Foto: Tor Arvid A. Gundersen og Silje Drevdal, Statens vegvesen

Kategorier: Samferdsel