Dokument 3:14 (2022–2023) / Offentliggjort Universiteta og høgskulane sitt arbeid med å vidareutvikle kvaliteten i studieprogramma
Universitet og høgskular har ikkje lagt godt nok til rette for at undervisarane skal kunne arbeide med kvalitetsutvikling i studieprogramma. Å prioritere slikt arbeid er nødvendig for å sikre god utdanningskvalitet og å betre studiegjennomføringa.
- (PDF, 3,99 MB) Les hele undersøkinga
Kort bakgrunn
- Noreg har om lag 300 000 studentar, 6 000 studieprogram og 21 statlege og 15 private utdanningsinstitusjonar.
- Om lag 42 milliardar kroner løyvde i 2022-budsjettet.
- Utdanningskvalitet handlar mellom anna om kvaliteten på undervisninga og oppfølginga studentane får, studieprogramma institusjonane tilbyr, innhaldet i studia og læringsutbytet av utdanninga.
Overordna vurdering: Ikkje tilfredsstillande
-
Ikkje tilfredsstillande
-
Kritikkverdig
-
Sterkt kritikkverdig
- Det er ikkje lagt godt nok til rette for at undervisarane skal kunne arbeide med kvalitetsutvikling i studieprogramma. Å prioritere slikt arbeid er nødvendig for å betre studiegjennomføringa og over tid sikre god utdanningskvalitet.
- Ein stor andel studentar gjennomfører fortsatt ikkje studia på normert tid.
Konklusjonar
Institusjonane har utfordringar med å leggje til rette for utviklingsarbeid, mellom anna fordi dei ikkje prioriterer eller legg godt nok til rette for kollektivt kvalitetsarbeid i studieprogramma
- Institusjonane har jobba mykje med å få på plass kvalitetssystem.
- Leiinga i institusjonane oppfattar kvalitetssystemet som eit sentralt verkemiddel for å identifisere utviklingsbehov i emne og studieprogram.
- Institusjonane innhentar systematisk informasjon frå relevante kjelder for å kunne å identifisere utviklingsbehov og -moglegheiter.
- Tilsette opplever at kvalitetssystema i praksis ikkje er så nyttige når det gjeld å vidareutvikle studieprogramma. Dette kjem blant anna av omfattande rapporteringsrutinar og spørjeundersøkingar til studentar som blir gjennomført rutinemessig sjølv når informasjonen som blir henta, erfaringsvis ikkje er nyttig.
- Kvalitetsutviklinga i studieprogramma er ikkje i tilstrekkeleg grad basert på ein kollektiv og heilskapleg innsats.
- Institusjonane har problem med å setje av og skjerme tid til utviklingsarbeidet.
Andelen studentar som fullfører på normert tid har auka, men det er framleis mange som bruker lang tid på studia
- Det har vore lite endring i kor mange studiepoeng kvar student i gjennomsnitt oppnår per studieår.
- Det er ein tydeleg auke i andelen studentar som fullfører bachelorgraden og mastergraden på normert tid, men framleis er det 44 prosent av studentane som ikkje fullfører på normert tid.
- Institusjonane har stor merksemd mot studiegjennomføring.
- Institusjonane ser arbeidet med å vidareutvikle kvaliteten i studieprogramma som viktig for å betre studiegjennomføringa.
Det har vore lite endring over tid i bruken av undervisnings- og vurderingsformer, og læringsformer som skal styrkje arbeidslivsrelevansen
- Det er også ulikheiter innanfor same type studieprogram.
- Førelesing dominerer som undervisningsform i heile perioden, men som regel i kombinasjon med andre arbeidsformer.
- Andelen emne som inneheld minst éi studentaktiv undervisningsform, har auka lite.
- Det er stor variasjon mellom ulike studieprogram – også innanfor same utdanningstype – i bruken av studentaktive undervisningsformer.
- Bruken av digitale verktøy varierer mellom studieprogramma innanfor same fagområde.
- Det har vore lite endring i kva vurderingsformer som ifølje emnebeskrivingane er mest brukte.
- Studentane er misfornøgde med tilknytinga til arbeidslivet i studieprogramma.
- Det er variasjon både mellom fagområde og innanfor fagområde når det gjeld korleis studentane vurderer moglegheitene for å jobbe med prosjekt eller oppgåver i samarbeid med arbeidslivet.
Krava til det systematiske kvalitetsarbeidet i lov og forskrift, og operasjonaliseringa av desse krava ved institusjonane, har gitt mange institusjonar omfattande kvalitetssystem
- Det kan vere krevjande for institusjonane å oppfylle krava til det systematiske kvalitetsarbeidet i regelverket utan at det blir komplekst og ressurskrevjande.
- Det er døme på system som gir den same informasjonen år etter år utan at det kjem til nytte i kvalitetsutviklinga i studieprogramma.
- Det er også døme på at tilsette opplever at rapporteringskrava i kvalitetssystemet ikkje bidreg til kvalitetsutvikling, men snarare kjem i konflikt med tid til undervisning og vurdering.
Dei nasjonale kvalitetsprogramma gir merksemd til utdanningskvaliteten, men stimulerer i avgrensa grad til kvalitetsutvikling hos andre enn prosjekta som får støtte
- Søknadsaktiviteten og tildelinga av midlar er ujamt fordelt mellom institusjonane og dei ulike fagområda.
- Dei fleste institusjonane er positive til kvalitetsprogramma, men fleire ønskjer større utlysingar, auka vektlegging av overordna mål og at programma i større grad tek omsyn til kompleksiteten i sektoren, slik at alle studieprogramma kan nytte ordningane.
- Det er mange søknader til kvalitetsprogramma.
- Kvalitetsprogramma skal fremje kvalitetsutvikling gjennom at prosjekta som får støtte, spreier kunnskap og ny utdanningspraksis til andre studieprogram. Undersøkinga viser at det er vanskeleg å nå ambisjonen om spreiing.
Tilrådingar
Vi tilrår Kunnskapsdepartementet
- å følgje opp at institusjonane stimulerer til og legg til rette for kvalitetsutvikling i studieprogramma
- å vurdere om endringar i regelverk, tilsyn og rettleiing kan bidra til at kvalitetssystema til institusjonane får ei føremålstenleg innretning
- å leggje betre til rette for at gode erfaringar og resultat frå utviklingsprosjekta kan spreiast på ein betre måte
Vi tilrår også Kunnskapsdepartementet å samarbeide med utdanningsinstitusjonane om
- å leggje betre til rette for at undervisarane skal kunne arbeide med kvalitetsutvikling i studieprogramma
- å leggje til rette for betre læring på tvers av studieprogramma, mellom anna når det gjeld undervisnings- og vurderingsformer og læringsformer som kan styrkje arbeidslivsrelevansen
- å vurdere verkemiddel for at fleire studentar gjennomfører studium effektivt, og samstundes sørgje for at det er mogleg å studere i ulike livssituasjonar