Hopp til hovedinnhold

Dokument 3:17 (2023−2024) / Offentliggjort Arbeidsretta bistand frå styresmaktene til unge utanfor arbeidslivet

Andelen unge som får uføretrygd er meir enn dobla sidan 2010. Fleire unge mottar helserelaterte stønader. Det er kritikkverdig at den arbeidsretta bistanden frå styresmaktene ikkje fungerer godt nok til å få fleire mellom 18 og 30 år over i arbeid eller utdanning.

Kort bakgrunn

  • Fleire i arbeid og aktivitet og færre på stønad har vore det overordna målet gjennom mange år.
  • Unge har vore ei prioritert målgruppe for arbeidsretta bistand frå Nav.
  • Mange unge som står utanfor arbeidslivet, har samansette utfordringar som knyter seg til både helseproblem og manglande utdanning og kompetanse.
  • At folk deltek i arbeidslivet, er sentralt for å avgrense fattigdom, redusere ulikskap, fremje varig og berekraftig økonomisk vekst og sikre gode velferdsordningar i framtida.
  • Undersøkinga vår omfattar omlag 344 000 unge mellom 18 og 28 år som fekk arbeidsretta bistand frå Nav i perioden 2018 til 2022.

Overordna vurdering

  • Ikkje tilfredsstillande
  • Kritikkverdig
  • Sterkt kritikkverdig

Det er kritikkverdig at den arbeidsretta bistanden fråstyresmaktene ikkje bidreg nok til å få fleire unge over i arbeid eller utdanning. Den arbeidsretta bistanden er ikkje tilstrekkeleg tilpassa unge med samansette utfordringar, og unge med psykiske lidingar får ikkje i tilstrekkeleg grad ei heilskapleg og koordinert oppfølging av Nav og helsetenesta.

Konklusjonar

Tilrådingar

Den arbeidsretta oppfølginga av unge bør styrkjast slik at fleire unge kjem over i arbeid eller utdanning. Derfor tilrår Riksrevisjonen at

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet følgjer opp at arbeids- og velferdsetaten i større grad tilpassar verkemiddel og tiltak etter behova til dei unge
  • Departementet følgjer opp den plikta arbeids- og velferdsetaten har til å stille vilkår om aktivitet for sosialhjelpsmottakarar under 30 år
  • Dei sørgjer for at Nav oppfyller krava i ungdomsgarantien om individuelt tilpassa oppfølging, slik at fleire unge får høve til å kome i ordinært arbeid
  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet forsterkar arbeidet med å sikre betre samhandling, slik at dei unge med samansette utfordringar får ei meir heilskapleg og koordinert oppfølging, noko som inneber å
    • halde fram arbeidet med å byggje ned kjende barrierar for samhandling
    • gjere felles satsingar og strategiar betre kjende i Nav og helsetenesta

Til behandling i Stortinget

Vi leverte undersøkinga til Stortinget 26. august 2024.

Følg saka på stortinget.no
Kategorier: Arbeidsliv

Spørsmål?

Bilde av Sissel Elisabet Helminsen

Sissel Elisabet Helminsen

Kommunikasjonsrådgiver

977 27 237 seh@riksrevisjonen.no
Bilde av Aleksander Åsheim

Aleksander Åsheim

Ekspedisjonssjef

945 07 619 aas@riksrevisjonen.no