Hopp til hovedinnhold
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster

Dokument 3:3 (2025–2026) / Offentliggjort Bruk av teknologi for å flytte spesialisthelsetenester nær pasienten

Behov for sjukehustenester kjem til å auke framover. Stortinget forventar at fleire pasientar skal få tenestene i eller nær heimen ved hjelp av teknologi. Mange sjukehus har komme kort i å ta teknologien i bruk.

Kort bakgrunn

  • Stortinget har over fleire år forventa at ein ved å ta i bruk ny teknologi og ulike former for digital heimeoppfølging i helsetenestene skal kunne halde oppe eit tenestetilbod av god kvalitet og bremse auken i behovet for personell i primær- og spesialisthelsetenesta.
  • Pasientane skal i større grad skal kunne møte spesialisthelsetenesta i heimen ved hjelp av digital heimeoppfølging, nettbaserte behandlingstilbod og digitale konsultasjonar.

Overordna vurdering

  • Ikkje tilfredsstillande
  • Kritikkverdig
  • Sterkt kritikkverdig

Det er ikkje tilfredsstillande at

  • mange sjukehus har komme kort i å ta i bruk ulike former for digital heimeoppfølging av pasientane sine
  • sjukehus i liten grad har teke i bruk moglegheiter teknologien gir for å samarbeide med kommunar om tenester nærmare pasientane
  • det manglar styringsinformasjon om bruk av digitale helsetenester bidreg til effektiv ressursbruk

Konklusjonar

Tilrådingar

Vi tilrår at Helse- og omsorgsdepartementet

  • sørgjer for å auke kunnskapen om effektar av digital heimeoppfølging og om måla med å flytte spesialisthelsetenester heim blir nådde, slik at helsetenesta innfører tenesteformer som har ein ønskt effekt på ressursbruk og behandlingskapasitet
  • følgjer opp at statlege verkemiddel støtter godt nok opp under samarbeid mellom helseføretak og kommunar om å flytte tenester nær pasienten. Det inkluderer også å leggje til rette for enklare tilgang til styringsdata som gir høve til å sjå samla effektar når helseføretak og kommunar samarbeider om tenester
  • følgjer opp om innretninga av finansieringa i tilstrekkeleg grad stimulerer til å ta i bruk digital heimeoppfølging
  • vurderer om det er heildigitale tilbod som kan vere eigna å samle og tilby nasjonalt

Vi tilrår også at departementet sørgjer for at dei regionale helseføretaka

  • set i verk tiltak for at alle sjukehusa tek i bruk moglegheitene for å flytte tenester nærare pasientar ved hjelp av teknologi der dette har ønskt effekt, og særleg følgjer opp dei som i liten grad tilbyr slike tenester
  • legg til rette for at sjukehusa kan samarbeide med kommunale helsetenester om å tilby spesialisthelsetenester nær pasienten ved hjelp av teknologi

Ferdig behandla av Stortinget

Vi sendte undersøkinga til Stortinget 13. oktober 2025. Dei behandla ho 29. januar 2026.

Les meir på stortinget.no
Kategorier: Helse

Spørsmål?

Bilde av Sissel Elisabet Helminsen

Sissel Elisabet Helminsen

Kommunikasjonsrådgiver

977 27 237 seh@riksrevisjonen.no
Bilde av Annette Gohn-Hellum

Annette Gohn-Hellum

Ekspedisjonssjef

911 97 817 ago@riksrevisjonen.no