Hopp til hovedinnhold
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster

Forvaltningsrevisjon / Dokument 3 Kommunale helse- og omsorgstenester til eldre

Vi undersøkjer om kommunane sørgjer for berekraftige helse- og omsorgstenester av god kvalitet til eldre, og om statlege styresmakter legg til rette for dette. Vi reknar med at rapporten er klar sommaren 2026.

Ein berekraftig helse- og omsorgsteneste vil i denne samanhengen seia over tid å ha ein balanse mellom dei økonomiske og menneskelege ressursane og kvalitet i tenestene, gitt den demografiske utviklinga.

Me ser på følgjande problemstillingar:

  • I kva grad sikrar kommunane tilstrekkeleg kapasitet i helse- og omsorgstenester til eldre?
  • I kva grad har kommunane førebudd seg for å sikra tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet i helse- og omsorgstenester til eldre opp mot framskrivingar av befolkninga i kommunen?
  • I kva grad jobbar kommunane systematisk med å sikra kvalitet i helse- og omsorgstenestene til eldre?
  • I kva grad legg dei statlege verkemidla til rette for tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet i kommunale helse- og omsorgstenester til eldre?

Undersøkingsperioden vil i hovudsak vera 2019–2024. Me vil i gjennomføringa av revisjonen ta omsyn til at denne perioden inkluderer pandemien, som førte til ein aktivitetsreduksjon i helsetenesta.

I tillegg til kommunar, omfattar undersøkinga Helse- og omsorgsdepartementet, statsforvaltarane, Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet.

I denne undersøkinga ser me berre på dei kommunale helse- og omsorgstenestene, fordi me også held på med ei undersøking av samhandling som verkemiddel for eit berekraftig helsevesen.

Bakgrunn

Vår undersøking av tilgjengelegheit og kvalitet i eldreomsorga frå 2018, vist mellom anna at

  • eldre blir tildelt helse- og omsorgstenester utan at behova og ønska deira er godt nok utgreidd
  • det manglar nødvendig kunnskap om kvaliteten i tenestene til eldre
  • det er store utfordringar med pasienttryggleiken og at staten ikkje har god nok oversikt over arbeidet i kommunane med å sikra rett kapasitet i tenestetilbodet.

Det kom også fram at det trongst meir kunnskap om forbetringsarbeid.

Oppfølginga vår av undersøkinga i 2022 viste at det framleis var problem på området. Riksrevisorkollegiet vedtok at saka skulle følgjast vidare.

Kategorier: Helse

Spørsmål?

Bilde av Stian Fjelldal

Stian Fjelldal

Kommunikasjonsrådgiver

915 43 760 sfj@riksrevisjonen.no