Hopp til hovedinnhold

3:11 (2013–2014) / Offentliggjort Undersøking av barnefattigdom

Mange kommunar gjer for lite for at barn som veks opp i familiar med låginntekt, skal kunne delta sosialt. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet bør medverke til å styrkje kommunane sitt arbeid med å gi fattige barn gode vilkår for sosial deltaking.

Kort fortalt

  • Delen barn i låginntektsfamiliar i perioden 2002 til 2012 har auka frå fem til åtte prosent. I 2012 var det 78 000 fattige barn i Noreg.
  • Stortinget har i fleire samanhengar gitt uttrykk for at alle barn skal kunne delta på viktige sosiale arenaer, slik FNs konvensjon om barnerettane legg til grunn.

Funn

  • Auken i delen fattige barn har forsterka behovet for gode tiltak i
    kommunane.
  • Den statlege innsatsen er ikkje godt nok koordinert.
  • Mange NAV-kontor har ikkje nok kunnskap om kva behov barn har for økonomisk støtte til fritidsaktivitetar.

Stortinget har ferdigbehandla saken

Vi leverte undersøkinga til Stortinget 25. juni 2014. Dei behandla ho 16. desember.

Les meir på stortinget.no
Kategorier: Familie/barn