Hopp til hovedinnhold

Dokument 3:7 (2015–2016) / Offentliggjort Undersøking av arbeidet til styresmaktene for å nå måla om økologisk landbruk

Økologisk landbruk er langt frå målet om 15 prosent i 2020, og produksjonen går ned. ​Forbruket har auka noko, men produksjonen går ned. Verkemidla stimulerer ikkje nok til å auke produksjon og sal. Det offentlege kan påverke etterspurnaden meir ved å auke sitt forbruk av økologisk mat.

Funn

  • Utviklinga for økologisk produksjon og forbruk er ikkje i samsvar med måla frå Stortinget på området.
  • Det økologiske regelverket er komplekst og uoversiktleg.
  • Stimuleringstiltaka er ikkje nok for å auke den økologiske produksjonen.
  • Den generiske marknadsføringa av økologisk mat er ikkje omfattande nok.
  • Styresmaktene har ikkje lagt godt nok til rette for å auke det offentlege forbruket av økologisk mat.

Tilrådingar

Riksrevisjonen rår til at Landbruks- og matdepartementet

  • utarbeider ein oppdatert heilskapleg strategi for å nå måla om økologisk produksjon og forbruk
  • som part i jordbruksoppgjeret set i verk stimuleringstiltak som i større grad bidreg til å auke økologisk produksjon, sikre rekruttering og forhindre fråfall av økologiske primærprodusentar
  • legg meir vekt på å bruke generisk marknadsføring og kunnskapsbasert informasjon om økologisk landbruk som verkemiddel for å auke forbruket av økologiske matvarer
  • tar ulike initiativ overfor andre departement og verksemder til auka innkjøp av økologisk mat i det offentlege. Dette vil kunne bidra til betre måloppnåing og til å gjere den økologiske marknaden meir føreseieleg og stabil

Bakgrunn og mål for undersøkinga

Stortinget har hatt mål for økologisk landbruk sidan 1999. Det gjeldande målet er at 15 prosent av produksjonen og forbruket skal vere økologisk i 2020. Hovudgrunngivinga for satsing på økologisk produksjon er at han tar ekstra miljøomsyn og gir betre dyrevelferd. Det er meint å vere ein spydspiss i arbeidet for å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og berekraftig. I tillegg bidreg det til eit større mangfald av produkt.

Målet med undersøkinga har vore å vurdere om Landbruks- og matdepartementet gjennom styring og verkemiddelbruk har lagt til rette for å nå måla om økologisk produksjon og forbruk. Det er henta inn statistikk for 2005–2014, og for enkelte verkemiddel er det henta inn data fram til november 2015.

Denne saken har Stortinget behandla ferdig

Saken blei behandla i Stortinget 7. juni 2016.

Les meir på stortinget.no
Kategorier: Landbruk/fiske

Spørsmål?

Bilde av Aleksander Åsheim

Aleksander Åsheim

Ekspedisjonssjef

945 07 619 aas@riksrevisjonen.no